Hopp til innhold

Førdianar til topps i Skrei-VM

Med ein totalfangst på 132 kilo skrei vart Bjørn Johnny Eide frå Førde verdsmeister i skreifiske i Lofoten laurdag.

Bjørn Johnny Eide

KONGEN AV SKREI: Bjørn Johnny Eide frå Førde vart verdsmeister under skrei-VM i Lofoten laurdag.

Foto: Kjell Oldeide

Verdsmeisterskapen i skreifiske gjekk i helga av stabelen i Svolvær i Lofoten. Der gjekk førdianaren Bjørn Johnny Eide frå Nordfjord havfiskeklubb, til topps i klassen for organiserte havfiskarar, med ein fangst på heile 132 kilo skrei.

– Det følest veldig bra, eg er litt stolt no. Det har vore ein kjempeflott dag med veldig god fiskelykke, og eg var veldig heldig med båten eg kom på. Eg fekk ein skipper som gjorde ein veldig god jobb for oss, seier Eide til NRK.

Ikkje forventa

Det er første gong han deltek på Skrei-VM. Likevel klatra han heilt til topps i konkurransen og kan no skilte seg med tittelen verdsmeister. Det hadde han ikkje forventa.

– Eg hadde i grunnen ikkje det, men eg fiska aktivt heile dagen og nytta tida godt. Eg visste at eg hadde fått mykje fisk, men eg visste ikkje at eg skulle komme så langt opp som eg gjorde, seier han, og fortel at dei måtte gi seg to timar tidlegare enn planlagt grunna dårleg vêr.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord havfiskeklubb

HØGT NIVÅ: Den vesle klubben Nordfjord havfiskeklubb har gjort det godt på årets skrei-VM. Kjell Oldeide (til venstre) fekk nest størst fisk, Bjørn Johnny Eide (midten) kan smykke seg med VM-tittel etter største totalfangst og Kristin Blaalid tok andreplassen i totalfangst andre år på rad.

Foto: Nordfjord havfiskeklubb

Nordfjord havfiskeklubb deltek med 10–12 fiskarar. Kjell Oldeide var med og starte den, og er svært stolt av klubbkameraten.

– Vi er utruleg stolte over at Nordfjord havfiskeklubb, som er ein ganske ny klubb, berre litt over eit år gammal, kan mengje seg med dei store havfiskarane som har fiska her oppe i 15–20 år og gå heilt til topps. Vi er så stolte av Bjørn Johnny at det er berre ei fryd, seier Oldeide.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bjørn Johnny Eide - hylla av naboane

HYLLA AV NABOANE: Bjørn Johnny Eide fekk ei mottaking ein verdsmester verdig, når han kom heim til Førde søndag kveld.

Foto: Heidi Lise Bakke (MMS) / NRK

Nordfjord-klubben hevda seg

Sjølv gjorde han det heller slett ikkje så verst, og hadde nest største fisk på 26 kilo. Vinnaren av konkurransen størst fisk fekk ein skrei på 28,3 kilo. I dameklassen kom Kristin Blaalid frå Måløy og Nordfjord havfiskeklubb på andre plass, same plassering som i fjor.

At klubben gjer det så godt som dei gjer det, er ikkje ein liten prestasjon, meiner Oldeide.

– Vi hevdar oss blant dei beste og det er veldig kjekt. Når det er 500–600 fiskarar og ein reiser ut og fiskar i stiv og sterk kuling, og står på og krigar for kvar ein fisk og går til topps, så er det verkeleg prestisjefylt. Bjørn Johnny er verkeleg konge på haugen i Svolvær i dag, seier han.

Då NRK var i kontakt med fiskarane laurdag kveld var feiringa allereie godt i gang.

– No sit vi og kosar oss med ein god middag. Det blir nok litt feiring, det må vi vel berre innrømme. Vi har hatt torsketunge til forrett og går over på kveite no, så vi har ein god kveld framfor oss, seier Eide.