Hopp til innhold

Magne Ulvatn takka for seg og fine år - so gjekk han

Tidlegare leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Sogn og Fjordane, Magne Ulvatn, starta årsmøtet i Sogndal laurdag med å takka for seg og for mange fine år, før han forlét møtet.

Magne Ulvatn og årsmøtet 2013

GJEKK FRÅ MØTET: Tidlegare leiar, Magne Ulvatn (innfelt), gjekk frå årsmøtet i Fellesforbundet avdeling 19 før det var kome skikkeleg i gang. Nede til venstre sit Jarle Kirketeig.

Foto: Inge Kjell Holme / Sondre Dalaker / NRK

– Eg gjer det for å skapa ro i forbundet, for at denne saka ikkje skal bli ein diskusjon på årsmøtet og for at me no ein gong for alle kan leggja denne saka bak oss, seier Ulvatn til NRK.

Inngjekk forlik

Det siste året har det storma i Fellesforbundet avdeling 19, Sogn og Fjordane. Leiar Magne Ulvatn har vore skulda for mobbing og trakassering av tilsett Jarle Kirketeig. I retten vann Kirketeig, og no ser det ut til at saka kan gå mot å bli ferdig.

I går vart det klart at Magne Ulvatn og Jarle Kirketeig inngjekk ein forlik. Ulvatn skulle trekka seg som leiar, medan Kirketeig blir tildelt eit større erstatningsbeløp som dekkjer oppreisningsbeløpet, inntektstap, sluttpakke og erstatning for framtidig inntektstap.

– Har vore mange fine år

Fellesforbundet avdeling 19, Sogn og Fjordane, hadde ein netto nedgang i tal på medlemmer på 65 frå 2011 til 2012.

Laurdag var det årsmøte i avdelinga, og Ulvatn, som har vore leiar sidan 2006, starta møtet med å takka for seg.

–Det har vore mange fine år med både oppturar og nedturar, artige saker og tunge saker. På bakgrunn av den store saka som har vore den siste tida, vel eg no å fråtre mi stilling som leiar i Fellesforbundet avdeling 19 Sogn og Fjordane, i håp om å skapa ro i forbundet.

Deretter forlét han møtet på konferanserommet på Sogndal Quality Hotell.

– Tøff tid

Han legg ikkje skjul på at det har vore ei tung og vanskeleg tid. No håpar han at Fellesforbundet kan jobba med det dei skal framover.

– No kan forhåpentlegvis Fellesforbundet halda fram i rett retning. Eg går av for å tryggja Fellesforbundet i medlemsmassen, og for at medlemmene skal få meir tillit til forbundet, seier Ulvatn til NRK.

Han ville ikkje kommentera domen eller forliket utover dette.