Hopp til innhold

Har frigjeve namn på omkomen

Politiet har laurdag frigjeve namnet på mannen som vart funnen omkomen etter ei bilulukke i Årdal fredag morgon.

Bil hamna på taket ved Geithus i Årdal

OMKOM: Ein 28 år gammal mann frå Latvia omkom i ei bilulukke i Årdal.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

Den omkomne er 28 år gamle Martins Jansons frå Latvia.

Det var like før klokka sju fredag morgon at politiet fekk melding om at ein bil låg på taket ved Geithus mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Bilen hadde gått over autovernet og hamna på taket nokre meter lenger nede.

Dei første som kom på staden såg ikkje noko til føraren og det vart sett i gang eit søk med tre hundekvipasjar og to politimenn, og 28-åringen vart etter kvart funnen på isen.