Hopp til innhold

Stor interesse for Harastølen etter annonse på finn.no

Heile 60 firma og privatpersonar har vist interesse for det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster.

Harastølen og Kenneth Sølvberg

VIL HINDRE RIVING: Kenneth Sølvberg frå Stryn håper noko vil kjøpe det gamle sanatoriet på Harastølen. Prislapp: 1 krone!

Foto: Vidar Gudvangen, NRK/privat

Onsdag la privatpersonen Kenneth Sølvberg frå Stryn ut annonse på finn.no der han annonserte det gamle sanatoriet til sals for berre ei krone.

– Det har vore ei enorm interesse. Over 19 000 personar har kikka på annonsen eg la ut og eg har fått om lag 60 e-postar, seier han.

Vil hindre riving

Sølvberg har ingen eigarinteresse i bygget, men valde likevel å leggje ut plassen til sals fordi han er så fascinert av Harastølen. Han gjer det fordi han vil hindre riving av Harastølen, som er planen til eigar Tinfos og Luster kommune.

– Eg likar ikkje tanken på riving, difor håper eg verkeleg nokon vil ta over bygningen.

Sanatorium, sjukeheim og asylmottak

Det gamle mursteinsbygget ruvar i fjellsida over Luster. Det var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i Norge. Tørt klima, furuskog og tynn fjelluft skulle hjelpe mot folkepesten tuberkulose.

Harastølen blei reist i 1902 og tuberkulosepasientar fekk behandling her heilt til 50-talet. Etter dette var det psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, før det blei folketomt på starten av 90-talet og forfallet starta.

Fleire firma som har vist interesse

Kenneth Sølvberg seier mange av dei 60 e-postane er frå seriøse interessentar.

– Det er fleire firma som er interesserte. Eg har snakka med eigaren i dag. Vi er samde om at det hadde vore flott med lokale folk eller bedrifter som ville skape aktivitet her, seier han.

Nokre er av dei som er er nysgjerrige på bygget, jobbar innan kunst, kultur og handverk.

– Nokre er nok drøymarar som ikkje har pengar, men mange har gode idear til kva som kan vere på Harastølen.

Har mange idear

Sølvberg har sjølv ikkje nok pengar til å ta over bygget, men har tankar om kva Harastølen kan brukast til. Eit alternativ er å dele bygget mellom fleire forskjellige aktivitetar.

– Ein del av bygget kan lagast som museum som viser kva som har vore her. Det kunne vore ideelt i forhold til cruisekaia i Skjolden. Det ville gitt pengar til vedlikehald. Det kunne også vore ein innspelingsstad for film og TV eller rekreasjonsstad, seier han entusiastisk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen

FORFALL: Det trengst mykje pengar til vedlikehald og reparasjon av Harastølen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sel dersom rette kjøpar dukkar opp

Det er kraftselskapet Tinfos som eig Harastølen i dag. Ifølgje administrerande direktør Tor Søve Syverud skal bygget rivast. Då NRK.no snakka med han i går, hadde han nettopp fått vite om annonsen. Han såg meste humoristisk på det heile.

– Vi har tidlegare hatt Harastølen til sals for ei krone utan å få seld det. Men dukkar det opp ein kjøpar no, som har gjennomføringsevne og nok pengar, så kan vi sjå på det på nytt, sa han torsdag.

Trengst mykje pengar

Kenneth Sølvberg trur ei totalrenovering til eit eventuelt hotell vil koste titals kroner. Men så mykje trengst ikkje i første omgang.

– Gjer ein mykje sjølv i eit dugnadslag, kan mykje gjerast for eit par millionar kroner. Det viktigaste er å sikre tak, vindauge og fasade.

– Kva gjer du vidare no?

– No ser vi kva som kjem inn av e-postar og så vil vi kontakte dei mest seriøse. Eigaren Tinfos støttar meg og håper vi nokre lokale folk som viser interesse.

– Kva seier folk du kjenner om at du har lagt ut denne annonsen?

– Dei tykkjer eg er galen, men eg har god tru på at vi skal få til nok på Harastølen. Det viktigaste er at bygningen ikkje blir riven, seier han.

Dale i Luster med Harastølen

RUVAR I FJELLSIDA: Tørt klima, furuskog og tynn fjelluft skulle hjelpe mot folkepesten tuberkulose.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK