Hopp til innhold

Frå april vert det snittmåling av farten din i verdas lengste tunnel

Fotoboksane står klare og skilta som skal varsle bilistane er sett opp. Rett etter påske startar vegvesenet med snittmålingar i Lærdalstunnelen.

Lærdalstunnelen ny fotoboks

NYE FOTOBOKSAR: Dei nye boksane skal rekne ut farten din gjennom heile tunnelen.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Magna Vangsnes

HÅPAR PÅ FÆRRE ULUKKER: Magna Vangsnes, seksjonsleiar i Statens Vegvesen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen (MMS-foto)

Snart vert dei tradisjonelle fotoboksane i Lærdalstunnelen på E16 bytt ut med nye. Men i staden for å måla farten din på eitt punkt, reknar dei nye boksane ut farten din gjennom heile tunnelen.

– Ein blir fotografert i begge punkta og farten blir rekna ut. Om ein har hatt for høg fart blir bileta registrert og sendt vidare til politiet, seier Magna Vangsnes, seksjonsleiar i Statens Vegvesen.

Vil ha slutt på råkøyring

Lærdalstunnelen, som går mellom Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane og vart opna i 2000, er med sine 24,5 kilometer, blant dei lengste vegtunnelane i verda. Det har blitt målt fartsglade bilførarar opp i 200 kilometer i timen i tunnelen.

Lærdalstunnelen-skilt på Aurlandsida

VERDAS LENGSTE: Lærdalstunnelen er verdas lengste biltunnel med sine 24,5 kilometer.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Denne typen kontrollar, sokalla streknings-ATK, har andre stader vist seg å vere svært effektivt, og har ført til at farten har blitt redusert med ti prosent.

– Erfaringen er at gjennomsnittsfarten på ein lengre strekning går ned, i motsetnad til vanlege boksar, der folk bremsar like før boksen og so gassar dei på att. På snittmålingar so er målet at farten over eit lengre strekk vert i tråd med fartsgrensa.

No håpar vegvesenet at det blir færre ulukker

– Det er ulukkesførebyggande. Det er ein nær samanheng mellom fart og ulukker, so me har tru på færre ulukker og mindre stygg køyring no, seier Vangsnes.

Første i fylket

Lærdalstunnelen blir den første strekninga i Sogn og Fjordane med gjennomsnittsmåling, og er ein av 40 prøveprosjekt som Samferdsledepartementet gjennomførerer med denne type målingar.

Det er i dag fem tunnelar i Sogn og Fjordane som har automatisk trafikkontroll (ATK) - altså fotoboksar: Naustdalstunnelen (Rv5), Gudvangentunnelen (E16), Fodnestunnelen (Rv5), Flenjatunnelen (E16) og Lærdalstunnelen (E16).

Lærdalstunnelen

STORE HALLAR: Lærdalstunnelen har tre store hallar. Dei er bygde for å gi ei kjensle av dagslys i nokre sekund.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei vanlege boksane skal vekk

Dei vanlege fotoboksane i Lærdalstunnelen skal demonterast, men førebels er det også den einaste strekninga i fylket der snittmåling er aktuelt nett no.

– Førebels har me ikkje vurdert andre strekningar i fylket. Dette er ein av 40 prøvestrekningar som samferdsledepartementet vil sette i verk og so skal det gjerast ei evaluering av desse prosjekta der ein skal finna ut korleis teknologien skal bli brukt vidare, seier Vangsnes.

– Kor tid skal de gjera den evalueringa?

– Me skal i alle fall ha dei i drift i eitt år før me ser på korleis dei har fungert.

På same måte som alle fotoboksar, so er det periodar der boksane er skrudd på og periodar dei er skrudd av. Det styrer vegvesenet i samband med politiet.