Hopp til innhold

Røyr i vegen på fylkesveg

Røyr ligg midt i vegen på fylkesveg 57. Truleg mista frå ein bil.

Røyr på fylkesveg 57
Foto: NRK-no-tipsar

Rundt 20.30 torsdag kveld fekk politiet melding om at nokre større røy delvis sperrar vegen på fylkesveg 57 mellom Dale og Osenbru.

– Det er truleg ein bil som har mista dei, og føraren er mest sannsynleg ikkje klar over at dei er vekk. Vi veit enda ikkje kven som har mista røya, opplyser politiet.

Vegvesenet er på veg til staden, men politiet ber folk vere varsame dersom dei køyrer i område. Røyra kan skape trafikkproblem om dei ikkje blir fjerna, seier politiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.