Hopp til innhold

Ambisjonar om full prestedekning, men bispedømet får for lite pengar

– Det er vår ambisjon at vi får halde oppe ei god folkekyrkjebetjening også i fjordfylket, seier biskop Halvor Nordhaug.

Biskop Halvor Nordhaug

STÅR OPP FOR DISTRIKTA: Biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg tenkjer at ei folkekyrkje er ei kyrkje som har oppslutning av majoriteten av folket og som er til stades i menneskes liv og dei avgjerande merkesteinane dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd, seier biskopen i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug.

Han meiner folkekyrkja er ein del av folks tradisjon.

–Vi har i den norske kyrkja vore med å forma nordmenn sin mentalitet, tenkemåte og skikkar i gjennom tusen år, fortel biskopen.

Kyrkja i endring

– No er vi inne i ein prosess der vi lausrive kyrkja ifrå staten og statskyrkja. Endra dette folkekyrkja?

– Nei, det gjer det ikkje. Det dreier seg om korleis kyrkja er organisert på toppen først og fremst. Til dømes skal ikkje regjeringa utnemne prostar og biskopar, men kyrkja skal gjere det sjølv gjennom bispedømerådet eller kyrkjerådet.

Biskopen seier at lokalt er kyrkja det den alltid har vore. Folk er framleis medlem i kyrkja, kyrkja sine ritual er som før, prestane er dei same, og han trur ikkje folk lokalt i Sogn og Fjordane vil merke at kyrkjeordninga er i endring på toppen.

– I alle fall ikkje på kort sikt.

Prestevikarar kjem fykande

Kyrkjeverje i Gulen, Trude Brosvik, er ein av mange som engasjerer seg i folkekyrkja og ho er redd for at dei små prostia i Sogn og Fjordane kjem ut som den tapande part når dei skal konkurrere om midlar med dei større kyrkjesamfunna i Hordaland.

Trude Brosvik

KVA GJER EIN PREST?: Kyrkjeverje i Gulen, Trude Brosvik vil vite kva prestar skal gjere.

Foto: Johan Moen / NRK

Trude Brosvik har følgjande å seie til biskopen:

– I Gulen så har vi vore utan prest i eit halvt år no. Det er ei sjukmelding og då får ein pengar ifrå staten for at verksemda skal gå. Det bispedøme har valt å gjere er å ikkje setje inn ein fast vikar, men berre ein som kjem fykande inn kvar søndag eller når det er gravferd, seier Brosvik.

Ho meiner det tek vekk heile samarbeidet som skal vere om folkekyrkja der frivillige, kyrkjelege fellesrådtilsette og presten, som inntil no har vore statleg tilsett, skal ha eit samarbeid om tenesta.

– Når den eine parten er vekke og erstattaren kjem ein halvtime før han skal ha gudsteneste og så reiser igjen, kva blir det da igjen av det som er opparbeidd av samarbeid?

– Korleis definera biskopen presten sitt arbeid? Er det berre å komme å ha gudsteneste, døype, vigsle og gravleggje?

Brosvik forventar at arbeidet til presten skal vere mykje meir. Blant anna gå på sjukebesøk, sjukeheimen, samarbeid om trusopplæring og vere tilgjengeleg.

Underskot

– Eg delar Brosvik sitt syn på at ein prest er mykje meir enn ein seremonimeister som kjem inn, gjer ei kyrkjeleg handling og forsvinn, seier biskop Nordhaug.

Vikarsituasjonen gjeld fleire stader i fylket og dei har hatt problem med å setje inn vikarar fullt i sjukdomsperiodar.

– Det har rett og slett med det at bispedøme hadde eit underskot på 2,5 millionar, var på veg mot eit underskot på 4 millionar og fekk ikkje meir pengar ifrå staten, forklarar han.

Hestekur

Når situasjonen er slik, fortel biskopen at då er det ingenting anna å gjere enn å innskrenke på vikarar og køyre ein hestekur.

Det er mykje dei har måtte innskrenka på. Pengar til etterutdanninga av prestar har dei blant anna måtte spare på.

– Den gledelege meldinga er jo no at denne hestekuren som har pågått i 1–2 år har byrja å virke og vi går mot ein økonomi i balanse som igjen betyr at vi kan lyse ut stillingar som er ledige, og vi kan fylle opp med vikarar igjen, seier biskopen.

Han peikar samstundes på at dette er sånn det skulle vore heile tida.

Folketettleiken eit problem

– Kyrkja er i likskap med andre offentlege tenester avhengige av rammeløyvingar, fortel Nordhaug og seier det er ikkje berre kyrkja som opplev at vi må spare på bemanninga.

–Rammeløyvingane er for smale til kyrkja, vi har for få stillingar.

– Får Bjørgvin Bispedøme for lite i forhold til dei andre?

– Ja, og eg trur Bjørgvin står ganske høgt på prioriteringslista faktisk, men så lenge ikkje staten opnar pengesekken meir, må vi køyre med dei midlane vi har, fortel biskopen.

Han seier det er ei utfordring i Sogn og Fjordane der folketettleiken rundt Bergen aukar.

– Er det utkantane som lir?

– Vi ønskjer å opprette full prestedekning i distrikta i tillegg må vi følgje befolkninga og den er i endring. Det er vår ambisjon at vi får halde oppe ei god folkekyrkjebetjening også i fjordfylket, seier biskopen og legg til at det er krevjande.

Kjem skeivt ut

Brosvik samanliknar kyrkja med andre økonomiske utfordringar ein møter i distrikta.

Ho seier at dersom ein har 40 born i eit årskull som er lokalisert på fire skular, kostar meir å drive. Ho meiner det sama prinsippet kan overførast til kyrkjene og.

– Dei pengane kyrkja får til trusopplæring, diakoni, dei blir i stor grad vekta berre i forhold til medlemstal. Dette er det kyrkjerådet sjølv som har bestemt, så her tenkjer eg kyrkja har ei opprydding å gjere dersom dei vil behandle medlemane sine likt, seier ho.

Ho meiner at det må vektast større kostnader i eit spreiddbygd samfunn enn i eit bysamfunn.

Biskop Nordhaug er einig i at det er altfor lite vekting av geografi og seier dei har sagt ifrå til kyrkjerådet.

– Vi meiner Distrikts-Noreg kjem skeivt ut. Eg står opp for distrikta så ofte eg kan og seier at det bør vere ein plussfaktor at ein har ein så tynn busetnad som ein har i dette fylket. 40 000 elevar i Sogn og Fjordane bur jo mykje meir spreidd enn i Oslo og Akershus og det kostar mykje meir å drive trusopplæring her.