Hopp til innhold

Same brevet med to ulike dateringar

Nordic Mining kan ha gått månadsvis i uvisse sjølv om saka om gruvedrift i praksis var avgjort av miljøvernministeren. NRK kan no avsløre at brevet om avgjerd i Engebøsaka som regjeringa sende ut onsdag, kan ha vore skrive 9. januar i år.

Dei to breva frå Miljøverndepartementet

IDENTISKE, MEN ULIK DATO: Dei to breva frå Miljøverndepartementet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For det finst to versjonar av brevet som fortalde Naustdal kommune at det ikkje blir noko av gruveplanane, iallfall ikkje det komande året.

Dei to versjonane er heilt like, bortsett frå på eitt punkt: Dateringa. Brevet som Naustdal og Askvoll kommunar og Nordic Mining fekk var datert 13.03.2013. Men brevet som m.a. NRK fekk og som vart lagt ut på departementet si heimeside var datert 09.01.2013. Der vart det rett nok endra til 13.03.2013 nokså fort.

– Vanleg i bananrepublikkar

Administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier Hansen, reagerer med vantru.

– Dette er ei form for sakshandsaming som er vanleg i land vi omtalar som bananrepublikkar. Det er heilt uvanleg at dette skjer i Norge. Om eg skal spekulere så må dette vere resultat av ein forferdeleg intens politisk dragkamp.

Onsdag gjekk miljøvernminister Bård Vegard Solhjell ut med meldinga om eit midlertidig nei til gruvedrift i Engebø i Naustdal. Avgjerda var etterlyst etter eitt år med venting.

Administrerende direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen

- INTENS POLITISK DRAGKAMP: Stein Lier Hansen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

NRK fekk same dag også ein kopi av brevet til Nordic mining, men datoen på brevarket vekkjer oppsikt, der står det 9. januar 2013. Den datoen hadde også brevet då det vart lagt ut på regjeringa si nettside, men vart same dag endra til 13. mars.

– Forferdeleg handsaming

Stein Lier Hansen meiner dette understrekar at regjeringa har handsama saka forferdeleg.

– Eg forstår det ikkje, og det er jo ikkje slik norsk forvaltning normalt opererer, seier Lier Hansen som tidlegare har vore statssekreteær (Ap) i Miljøverndepartementet.

I over eitt år måtte altså Nordic Mining og Naustdal og Askvoll kommunar vente på regjeringa si avgjerd, trass i at dei faglege innspela låg klare.

Jan Støfring i Sunnfjord næringsråd er rysta over at avgjerda tilsynelatande kan ha vore klar i over to månader.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Støfring og Åse Marie Helgheim Thingnes

KRITISK: Jan Støfring (t.v.), her i samtale med gruvemotstandar Åse Marie Helgheim Thingnes, er kritisk til miljøverndepartementet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Men eg legg til grunn, og eg håpar og trur inderleg at det er ein kontorfeil. Alle andre bilete som kjem inn i houvet mitt har så store konsekvensar for departementet og regjeringskollegiet.

– Eg vil ikkje ein gong tenke tanken at dette kan vere strategisk obstruksjonstilrettelagt, at dei har site og venta på eit høve som skal skape tilsvarande politiske bølgjer, det kan eg ikkje tru på.

- Inga tilfeldigheit

Også administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, er uroa for at dei er blitt offer for eit politisk spel.

- Dette er eit brev som prøvar å skape hindringar for å få oss til å etablere industri. Desse datoane peikar i retning av at ventinga ikkje er nokon tilfeldigheit.

NRK var onsdag i fleire samtalar med regjeringsapparatet for å finne ut kvifor brevet til Nordic mining og Naustdal kommune i fyrste omgang var datert 9. januar, før datoen seinare blei endra på regjeringa si heimeside.

Ellen Øseth

BEKLAGAR: Statssekretær Ellen Øseth.

Foto: Miljøverndepartementet

– Beklagar feilen

Statssekretær Ellen Øseth frå SV seier dei la ut feil dokument.

– Eg kan garantere at konklusjonen i saka var klar dagen før brevet vart sendt ut. Det var ein beklageleg feil at eit utkast til brev vart lagt ut. Det var ikkje dateringa, men innhaldet som var ulikt, og innhaldet har blitt endra.

– Men vi i NRK har studert desse to breva, og vi finn ikkje annan skilnad enn dateringa.

– Då må eg sjekke nærare, for eg har ikkje vore direkte involvert i dette.

Då Ellen Øseth ringer tilbake til NRK vedgår ho at breva er identiske. Ho seier no at feilen er at dei har gløymt å endre datoane i eit arbeidsdokument. Øseth seier dei beklagar feilen.

- Det som var feil i brevet er eigentleg berre datoen. Det er i fyrste omgang laga eit mal for eit brev, så har konklusjonane seinare blitt endra, men ikkje datoen.

- Latterleg

Men Stein Lier Hansen fryktar at Nordic mining har blitt offer for eit politisk spel, der SV skal vinne ein siger før valkampen, trass i at Ap og Sp var samde om gruvedrift.

- Eg trur ingen partier er tent med dette. Ingen veljarar likar politiske hestehandlar som framstår som ein parodi på mange måtar. Eg håpar ingen trur dette gjer at det blir enklare å drive valkamp, det er nesten latterleg etter det vi har opplevd det siste døgeret

Avviser kritikk

Men Ellen Øseth insisterer på at ho snakkar sant, og meiner avgjerda om å utgreie miljøkonsekvensane for Førdefjorden er riktig og viktig

- Ei kvar sak skal konkluderast frå regjeringa, og då er det av og til usemje mellom partia. Det er tre parti som sit i regjering, og som kan ha ulikt syn. Men vi er samde om å ha ei positiv haldning til mineralnæringa, men også å ha strenge miljøkrav.