Hopp til innhold

– Når kommunen ikkje vil drive skule, får me gjere det sjølv

Angedalen Skule i Førde er berre ein av mange grendeskular som er truga av nedlegging. No ynskjer FAU-leiar Rune Hegrenes å starte ein Montessoriskule, med bygdefolket i ryggen.

Rune Hegrenes

VIL REDDE GRENDESKULEN: Rune Hegrenes ynskjer å starte Montessoriskule.

Foto: Hanne Christin Våge / NRK

Det er ikkje berre å starte opp ein privatskule, så ein treng jo på ein måte ein skubb for å komme i gong. Då blir fort ei nedlegginga av ein skule det som får ein til å handle, seier Rune Hegrenes.

Montessoriskulane vert drivne privat, og praktiserer ei undervisningsform som tillet borna å arbeide meir sjølvstendig. Den største skilnaden frå offentlege skular er at elevane ikkje er inndelt i klassar, men vert undervist i grupper på tre år om gongen.

– Me vil starte ein Montessoriskule fordi me meiner det er grunnlag for det i Angedalen. Når kommunen ikkje vil drive skule, så får me gjere det sjølv, seier Hegrenes.

Tek saka i eigne hender

– Me har sett andre Montessoriskular rundt omkring som ser ut til å vere veldig gode skular. Då dei ville leggje ned Angedalen skule, var vegen kort til avgjersla om at me også ville ha Montessoriskule, seier Hegrenes.

Sidan 2000 har 57 skular fått godkjent søknad om å drive Montessoriskule i Noreg. Fire av desse var søkarar frå Sogn og Fjordane, men berre ein eksisterer i dag.

Hegrenes er ikkje den einaste som ynskjer å redde grendeskulen i bygda si. Både Kjølsdalen og Stongfjorden går no inn for å opprette sine eigne privatskular.

Vart noko heilt anna

Då Nordstranda skule i Almenning vart lagt ned som offentleg skule i 2002 valde foreldra å skipe privatskule etter montessoriprinsippet.

Leiar Monica Kråkenes i styret ved Nordstranda Montessoriskule legg ikkje skjul på at nedlegginga var det som trigga dei til å starte skulen.

– For å seie det slik så vart det utgangspunktet vårt då me starta på den prosessen, men når me oppdaga pedagogikken i Montessoriverda, så gjekk det over til å bli noko heilt anna, seier Monica Kråkenes.

Skulen i Vågsøy var den første som vart oppretta i Sogn og Fjordane, men allereie i 2008 såg dei seg nøydde til å legge ned.

– Det var ein komplisert sak. Me la ned grunna mangel på Montessoripedagogar, dårleg samarbeid med kommunen, og det faktum at Montessori var heilt nytt og ukjend for folk flest i Nordfjord, seier Kråkenes.

Ho tykkjer det er positivt at fleire no ynskjer å starte skule i fylket.

– Eg syns det er veldig flott, og trur, og håpar at Nordfjord no er meir klar for eit alternativ til den offentlege skulen, seier ho.

Fryktar dei blir starta på feil grunnlag

Martine Hestenes Vatland er pedagogisk leiar i Waterpark Montessori, ein privat utdanningsinstitusjon for Montessoripedagogar. Ho tykkjer det er spanande at miljøet veks, men fryktar at mange blir starta på feil grunnlag.

– Eg skulle ynskje det var fleire Montessoriskular som starta med eit ynskje om å vere det, og ikkje berre fordi bygdeskulen skal leggjast ned, seier Vatland.

Trass det er det særs få av dei oppførte skulane som vert nedlagde. Ho trur det har noko å gjere med at overgongen frå bygdeskule til Montessori ikkje er ei så stor omvelting.

– Det visar seg at mange av desse bygdeskulane som skal leggjast ned har drive med Montessoripedagogikk, utan å vere klar over det sjølve. Dei har eksempelvis hatt aldersblanda klassar og friare timeplanar, så når dei då startar opp som Montessoriskule finn dei ut at det er slik dei alltid har jobba, seier ho.

Rune Hegrenes fryktar no at Angedalen skule skal bli lagt ned før dei er klare for å starte ein ny skule.

– Me meiner at kommunen køyrer eit veldig stramt løp her for å få lagt ned Angedalen skule. Me håpar inderleg at me får behalde skulen som kommunal i eitt år til, slik at me kan ta over drifta frå og med neste haust, seier han.