Hopp til innhold

18-åring dømd etter motorsykkel-ulukka i Askvoll

18-åringen som stod tiltalt for aktlaust drap etter ei motorsykkelulukke i Askvoll i 2011, vart i Fjordane Tingrett dømd til 150 timar samfunnsstraff. Han må også betala over 300 000 kroner i erstatning til dei pårørande.

Motorsykkelulukke ved Flokeneset

OMKOM: Ein 16-åring omkom i trafikkulukka i Askvoll i fjor sommar.

Foto: Frode Stang

Dermed følgde retten aktor sin påstand om straff i saka.

Tiltalte vert dømd til 150 timar samfunnsstraff som må gjennomførast innan eitt år. Subsidiært må 18-åringen fem månader i fengsel.

Tiltalte får også ein sperrefrist på å ta førarkort på fem åra, rekna ut frå ulukkesdagen i 2011.

Han må også betala totalt 325 958 kroner i oppreising og erstatning til mor, far og dei to søskena til den omkomne.

Omkom momentant

Det var den 30. juli 2011 at tiltalte, som då var 16 år, køyrde utfor fylkesveg 609 i Vågeskaret ved Flokeneset mellom Førde og Askvoll. Den 16 år gamle Bjørn-Arild Høyvik frå Førde, som var passasjer på sykkelen, omkom i ulukka.

I ein sving kom sykkelen for langt ut og krasja med autovernet. Høyvik omkom momentant i samanstøyten med eit tre som stod nærme vegen.

Det var sett av fire dagar i Fjordane tingrett til saka, og det vart sterke scener då dei pårørande skulle forklara seg.

(Artikkelen held fram under bilete)

Synfaring etter dødsulukke

PÅ ULUKKESSTADEN: Retten såg i dag på staden der ulukka skjedde i juli 2011.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sa seg ikkje skuldig

Sjåføren var tiltalt for aktlaust drap, for å ha køyrt den lette motorsykkelen utan å ha førarkort. Han er også tiltalt for å ha køyrt bil og moped utan førarkort i tida etter ulukka.

Ivar Blikra

FORSVARAR: Advokat Ivar Blikra.

Foto: Jon Bolstad / NRK

18-åringen sa seg skuldig i å ha køyrt motorsykkelen utan førarkort og for å ha køyrt bil og moped utan førarkort i tida etter ulukka, men ikkje i aktlaust drap.

Forsvarar Ivar Blikra la ned påstand om at tiltalte skulle frifinnast for aktlaust drap, og dømmast på mildaste måte på dei andre tiltalepunkta.

Men retten valde å fylgja aktor sin påstand i saka.

«Mangla grunnleggjande ferdigheiter»

Lisa Førde Refsnes

PÅTALEMAKTA: Politiadvokat Lisa Førde Refsnes.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Firdaposten

Retten legg i dommen vekt på at tiltalte mangla grunnleggjande ferdigheiter for å køyre motorsykkel. Kort tid før ulukka strauk han på førarprøven for det sensoren beskreiv som at «han mangla grunnleggjande ferdigheiter».

Eit vitne som sat bakpå med tiltalte på veg til Askvoll har forklart om høg fart på turen ut. Vitnet skal ha sagt at farten på eit tidspunkt var oppe i rundt 140 km/t, og forklarte at han til tider følte seg utrygg på turen ut til Askvoll. Då dei kom til Askvoll, bytte vitnet og Høyvik plass, slik at Høyvik vart sitjande på med tiltalte.

– Hasardiøs køyring

Retten meiner også at tiltalte over tid og ved fleire høve har mangla respekt for trafikkreglane. Han har også vist manglande forståing for dei betydelege risikomomenta han har utsett for seg sjølv og andre ved å ferdast i ulovleg i trafikken.

Både Høyvik og tiltalte hadde hjelm, men elles var dei lett kledde. Tiltalte var klar over at han var ein svært uerfaren sjåfør, og at han difor burde innsett faren.

I dommen står det vidare at «I det heile å leggja ut på den aktuelle køyreturen tur/retur Førde-Askvoll med ein passasjer, og på ein for tiltalte ukjend vegstrekning, må under dei gitte føresetnader i seg sjølv kunne seiast å vere som hasardiøs».

Tiltalte sin forsvarar, Ivar Blikra, ønskjer ikkje å kommentera dommen før han har gått gjennom den med sin klient og vurdert spørsmål om anke og eventuelt godta dommen.