Hopp til innhold

Fryktar dyrare Hordalandsavtale etter nytt vedtak

Hordaland vil innføre ein fast sum kvart år for å halde i live Hordalandsavtalen. Sogn og Fjordane SV fryktar at avtalen vil bli endå dyrare ved ei slik løysing.

Montasje - Hordalandsavtalen

UEINIGE: Fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen øvst, tidlegare Krf-ordførar i Gulen Trude Brosvik og politikar i Sogn og Fjordane SV, Norvall Nøringset er ueinige om ein ny Hordalandsavtale. (Klasseromsbilete er eit illustrasjonsbilete).

Foto: Illustrasjonsbilete Bjørn Anders Sørlie/Mats A. van dam Lie/Vegar Erstad/Johan Moen / NRK

I går vedtok fylkespolitikarane i Hordaland i går å ikkje legge ned den vidaregåande skulen i Austrheim. I tillegg vedtok dei å finne mulege løysingar for å vidareføre Hordalandsavtalen. Avtalen gjer til at elevar frå Solund og Gulen får krysse fylkesgrensa og gå på Austrheim vidaregåande skule.

Fast sum

For at det skal bli enklare å føreseie økonomiske utgifter og inntekter, så ønskjer Hordaland fylkeskommune no å innføre ein fast, årleg sum.

– I vedtaket frå fylkestinget ligg det eit ønskje om å diskutere om me skal inngå ein avtale om ein fast, årleg sum, i staden for at me betaler kvar elev slik som i dag. Det er kanskje enklare for Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar at det er ein fast sum i året, seier fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen.

– Kan bli dyrt

Forslaget om ein fast, årleg sum har blitt nemnt før, og vart møtt med stor skepsis frå politikarane i Sogn og Fjordane. At det forslaget no har blitt vedteke i Hordaland fylkesting vert ikkje utan vidare motteke med opne armar.

SV-politikar, fylkestingsrepresentant og lærar Norvall Nøringset meiner Hordalandsavtalen er dyr, og er redd for at den kan bli endå dyrare om det skal bli innført ein fast sum.

– Om dei skal inn på ei ordning med ein fast, årleg sum, utan at det skal takast omsyn til talet på elevar som skal gå der frå Sogn og Fjordane, så kan den avtalen bli endå dyrare per elev for dette fylket, seier Nøringset.

Hordalandsavtalen kan ta slutt

SV-politikaren viser til at Hordalandsavtalen er tatt bort frå alle dei åtte skuleplanforslaga som no er ute på høyring i fylket. Og om ingen lokale parti tek initiativ til ein ny avtale, trur han elevane frå Gulen og Solund må finne seg ein annan vidaregåande skule.

– Per i dag er det ikkje noko forslag om å opperetthalde Hordalandsavtalen. Det er fordi den er dyr. Den kostar mykje, seier Nøringset, som altså fryktar at avtalen kan bli endå dyrare om Hordaland får det som dei vil.

– Ikkje dyrare

Fylkesordføraren frå Hordaland trur derimot ikkje at ein ny Hordalandsavtale vil bety auka utgifter for Sogn og Fjordane.

– Om me går inn for ein fastprisavtale, så kan me i Hordaland fylkeskommune kanskje risikere å ikkje få betalt for nokre elevar eit år, og eit anna år må kanskje Sogn og Fjordane måtte betale for elevar som ikkje vil gå der, seier Nilsen, og legg til at det viktigaste for Hordaland sin del er å få på plass ein ny Hordalandsavtale.

KrF vil kjempe vidare

Ei av dei som er redde for at Hordalandsavtalen forsvinn er tidlegare ordførar i Gulen, Trude Brosvik. Ho har lenge frykta at Gulen og Solund vil miste ungdommane sine, som må flytte bort om dei ikkje kan gå på Austrheim vidaregåande skule.

– Eg og KrF i Sogn og Fjordane vil kjempe vidare for ein Hordalandsavtale. Om elevane i Solund og Gulen skal få bu heime, så må fylkestinget stå ved den avtalen som finnast i dag, seier Brosvik.

– Ikkje eit anten, eller

Ho meiner at ordninga ikkje er så dyr som mange vil ha det til. I skulebruksplanen har Hordalandsavtalen fått ein prislapp på 7,1 millionar kroner. Brosvik meiner dette vert ei skeiv framstilling, sidan halvparten av denne summen vert nytta til å finansiere båten mellom Solund og Gulen. Brosvik meiner denne båten uansett må vere der, uavhengig om elevane går på skulen i Austrheim eller andre stader.

Brosvik er innstilt på at Sogn og Fjordane må forhandle seg fram til ei løysing, og synest ikkje at tanken om ein fast, årleg sum er avskrekkande.

– Om det skal setjast opp eit tal på kor mange elevar som skal gå på skule i Hordaland kvart år får bli ein del av ei forhandling. Eg oppfattar ikkje vedtaket til fylkestinget i Hordaland som at det anten vert slik dei vil eller så vert det ikkje noko som helst, seier Brosvik.