Hopp til innhold

Ærverdig hotell truga av konkurs

Skatt Vest i Stavanger har levert inn konkursbegjæring mot Hotel Mundal i Fjærland.

Rolf Wikborg og Hotel Mundal

KONKURS-TRUGA: Hotelleigar Rolf Wikborg kjempar for at Hotel Mundal ikkje skal gå konkurs.

Foto: Jan Inge Fardal, Sogn Avis / Terje Gilleshammer, NRK

Saka er sett på Sogn tingrett sin dagsorden torsdag, skriv Sogn Avis. Det skal vere eit momskrav som er bakgrunnen for saka.

Hotelleigar Rolf Wikborg seier han er i dialog med Skatt Vest. Han håpar i det lengste å unngå konkurs.

– Vi slit med nebb og klør for å overleve. Vi har mange utfordringar, meg eg trur vi skal klare dette, seier Wikborg til Sogn Avis.

Rolf Wikborg overtok 50 prosent av det tradisjonsrike hotellet i 2008 og har kjøpt dei siste 50 prosentane sidan den gong og eig Hotel Mundal i dag.