Hopp til innhold

No har barneombodet store forventingar til kommunane

Unge får i alt for liten grad vere med å påverke i viktige saker i Sogn og Fjordane. Etter ein konferanse i Loen ventar både barneombod Anne Lindboe og ungdomen at det endrar seg.

Barneombod Anne Lindboe fortel om sine forventingar til kommunane i fylket etter konferansen i Loen.

SJÅ VIDEO: Barneombod Anne Lindboe har store forventingar til at kommunane følgjer opp arbeidet mot born og unge etter konferansen i Loen.

Dette er eitt av mange punkt som fylkesmannen har funne, etter å ha kartlagt 25 av 26 kommunar i fylket.

Funna er ikkje noko stor overrasking for Hanna Kvamme og Tiffany Houston frå Vågsøy. Dei meiner kommunikasjonskanalen mellom vaksne og unge burde vore opnare.

– Vi lev i eit sutlaust samfunn og det er ikkje mykje å klage på, men eg trur at då ville alle blitt høyrde og ting blitt gjort annleis og kanskje betre, seier Kvamme.

– Kostar lite

Begge er elevar ved Eid vidaregåande skule og deltek denne veka på ein konferanse i Loen der barns og ungdoms beste er i fokus. Alle kommunar er pålagde å følgje FN sin barnekonvensjon, og gjennom programmet Sjumilssteget får kommunane verkty for å passe på at dei gjer nettopp det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hanna Kvamme og Tiffany Houston

VIL BLI HØYRDE: Hanna Kvamme og Tiffany Houston meiner kommunane ikkje er flinke nok til å høyre på og ta omsyn til born og unge i viktige saker.

Foto: Birger Meland / NRK

Fylkesmannen presenterte i dag funna sine, med kring 180 personar frå kommunar og frivillige lag og organisasjonar som tilhøyrarar.

– Eg håpar at dei innser at det er nokre skjulte flokar som det lønner seg veldig å løyse opp i og som nødvendigvis ikkje krev så mykje økonomi og tid, seier Houston.

– Verdifull kommunikasjon

Barneombod Anne Lindboe tala under konferansen i Loen, og seier seg samd i bode konklusjonen i kartlegginga og synspunkta til Kvamme og Houston. Ho er også samd i at det ikkje treng koste verken tid eller pengar.

Lindboe seier det er verdifullt å høyre på og ta omsyn til ungdomen i alle situasjonar.

– Det er ein av tinga som både kommunar og sentrale politiske styresmakter ikkje er gode på. Ein må lære seg korleis born og unge skal få delta, og det er det viktigaste trinnet i Sjumilssteget. Ein må lære seg å snakke med barn, det er dei som er ekspertar på eigne liv, seier ho.

Blir høyrde i Flora

I Flora kommune er ungdomen medverkande på ulike nivå i politikken. Anders Moen fortel at det kanskje mest spesielle er eit høgst oppegåande ungdommens bystyre.

Margunn Masdal frå Røde Kors og Anders Moen frå Flora kommune.

NØGDE: Margunn Masdal frå Røde Kors og Anders Moen frå Flora kommune.

Foto: Birger Meland / NRK

– Dei har sine jamlege møter, har representasjon i det normale bystyre og har talerett i bystyret. Den brukar dei, og vi har sett i enkelte saker at dei blir høyrde, seier han.

I Eid meiner Kvamme og Houston at ungdomar i større grad bør få bestemmelsesrett.

Utvikla seg i Eid

– Det tykkjer eg absolutt. Det er vi som skal halde oss opptekne med noko, og då må det vere tilbod. Eg trur at om vi kunne blitt høyrt meir på det vi faktisk vil gjere og ikkje berre det vi blir fortalt at vi skal gjere, så trur eg ting kunne blitt meir forandra positivt, seier Kvamme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Konferanse om Sjumilssteget i Loen.

KONFERANSE: Kring 180 deltakarar frå kommunar og frivillige lag og organisasjonar deltek på konferansen i Loen.

Foto: Birger Meland / NRK

– I heimkommunen, Vågsøy, lurer eg på kva dei har satsa på. Eg veit med meg sjølv at eg har utvikla meg ekstremt etter at eg kom til Eid, noko eg ikkje fekk til i Måløy. Eg er framleis glad i byen min, men eg trur dei kanskje kunne høyrt meir på kva ungdomen treng, legg Houston til.

Del av utdanninga

Kvamme meiner det er viktig at kommunane har tilbod der ungdomane får uttrykke seg og komme med ynskje.

– Og eg trur det er veldig viktig at vi får bruke andre sider ved oss sjølve, og ikkje berre lære det vi skal lære i timane, men at vi også får utfordra oss på andre måtar. At vi får lære ting både med oss sjølve og korleis samarbeide med dei andre. Eg trur det er ein viktig del av det å utdanne seg og bli nokon, seier ho.

Det er frivillig for kommunane å vere med i programmet Sjumilssteget, eit program som kan hjelpe dei å implementere barnekonvensjonen.

– Ei utfordring

Erfaringane viser at kommunane ikkje er flinke nok på å sjå og ta vare på born og unge i fylket. Skulane, barnehagane og helsestasjonane melder sjeldan frå om saker til barnevernet.

Line Døsen og Bodhild Cirotzki

NØGDE: Line Døsen og Bodhild Cirotzki meiner kommunane viser vilje til å jobbe betre mot born og unge.

Foto: Birger Meland / NRK

Mange born treng omsorg utover det dei får heime, og spørsmålet då er korleis desse skal bli fanga opp.

Line Døsen og Bodhild Cirotzki ved Fylkesmannen meiner samarbeid på tvers av etatane kan vere løysinga.

– Kommunane melder også tilbake at dei er flinke på dei enkelte fagområde, men å setje seg ned saman og dra nytte av kvarandre sine fagfelt og kompetanse er ein utfordring for dei, seier Cirotzki.

Viser vilje

Både kommunane og fylkesmannen ser at det luggar i samarbeidet, men Døsen og Cirotzki meiner oppslutninga både til kartlegginga og konferansen viser at kommunane ynskjer å få ting på stell.

Fylkesmannen har midlar som kommunane kan søkje på for å komme i gang med prosjekt gjennom programmet. Dei vil også gi råd i arbeidet og gjennomføre nye kartleggingar. Dei håpar at ungdom vil sjå betring om eitt års tid.

– Eg tenkjer at dette først og fremst må forankrast på leiarnivå i kommunane. Det må reisast opp politisk, rådmannen må ha ei meining og ha forventingar ut att til medarbeidarar om at ein skal få til samarbeid. I tillegg må dei bli kjende med kvarandre, seier Døsen.

– Meir bevisst

Barneombod Anne Lindboe

BARNEOMBOD: Anne Lindboe.

Foto: Birger Meland / NRK

Barneombod Lindboe meiner Sjumilssteget er eit godt verkty på vegen for å følgje barnekonvensjonen.

Fylket er det tredje i landet som tek i bruk programmet.

– Barnekonvensjonen kan vere vanskeleg, stor og overveldande å forstå. Men ved å bruke Sjumilssteget som verkty og kartlegger, så får kommunane eit meir bevisst forhold til korleis det står til med barnevernet, korleis står det til med lågterskeltilbodet og om dei er flinke på medverknad, seier ho.

Følgd i Røde Kors

– Då blir meir reelt og når ein blir målt og må rapportere så er lettare å sette inn tiltak og fokus på ting som blir betre, legg Lindboe til og oppmodar kommunane om å la seg inspirere og ta programmet i bruk.

I Sogn og Fjordane Røde Kors seier Margunn Masdal at dei følgjer barnekonvensjonen i sitt arbeid. Dei har mellom anna lange tradisjonar for aktivitetar som går mot sårbare born.

– Vi brukar barnekonvensjonen i praksis, gjennom dei humanitære feriane på Haugland så er dette å følgje opp barnekonvensjonen direkte. Alle born har rett til kvile, rett til leik, rett til fritidsaktivitetar og det er ein del av aktivitetane vi tilbyr på Hauglandssenteret, seier ho.

– Ikkje spar dykk til fant

Lindboe presiserer at staten har det overordna ansvaret for politikken som blir ført i kommunane, og at det er departement og direktorat som må syte for at fylkesmannen fører god kontroll ved skular og i barnehagar. Samstundes seier ho at sentrale styresmakter må vere klare og tilføre naudsynte midlar til kompetansen til å gjere nettopp dette.

Likevel presiserer ho at tiltak, som til dømes å høyre på ungdom og følgje opp vedtak i mobbesaker, ikkje nødvendigvis treng koste, verken tid eller pengar. Snarare tvert om.

Samstundes meiner ho interkommunale barnevernstenester kan gi betre tenester, men også innsparingar.

– Til dømes at kommunehelsetenesta sparar mykje på helsesystertenester. Dette er førebyggande mot born og unge, og som gir mindre utgifter når desse blir dårleg fungerande vaksne. Ein må ikkje spare seg til fant ved å kutte ned på helsesystertilbod i skulane, avsluttar ho.