Hopp til innhold

Lagar applikasjonar på skulen

Medielærar Ole Johnny Devik lagar eigne applikasjonar. Målet er ikkje å tene millionar, men å lære teknologien vidare til elevane.

Ole Johnny Devik

LAGAR APPLIKASJONAR: Medielærar Ole Johnny Devik.

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

– Det hadde vore kjekt å bli rik, men sjansen for å lykkast og få til ein «app», er ganske liten, seier Ole Johnny Devik.

Mange tener seg rike på å lage applikasjonar. Men for medielærar Ole Johnny Devik på Mo og Jølster vidaregåande skule, handlar det ikkje om dei potensielle millionane som kan kome inn på konto.

For Devik handlar det om å lære teknologien vidare til elevane. På denne måten blir elevane konkurransedyktige i arbeidsmarknaden.

Dataprogram

Ein applikasjon, eller ein app, er eit dataprogram som er så lite at det kan brukast på ein mobiltelefon eller eit nettbrett. Det finst mange ulike applikasjonar, med mange ulike bruksområde. Til dømes spel, skriveprogram og program som kan vise og dele bilete.

Førebels har Devik satsa på spesialiserte applikasjonar.

– Eg laga ein saman med elevane mine, som heiter Mediehandboka. Det er ei slags felthandbok som lærer deg om mediefaget, seier han, og fortel at det kan ta tid å lage ferdig ein applikasjon.

– Først må du ha ein god idé. Så må du kunne ein del verktøy som gjer at du kan visualisere det, lage kodar og distribuere den. Eg brukar fort ti timar i veka på dette, seier Devik.

Utvikle for bedrift

Medielæraren har laga ferdig fem applikasjonar. To av dei ligg i nettbutikken Google Play, klar for gratis nedlasting. Totalt har applikasjonane fått ca. 100 nedlastingar, spreidd utover Noreg, Sverige, USA og andre land.

Han veit kva han skal gjere dersom målet ein gong blir å tene pengar på det.

– Eg vil heller gå til ei bedrift og utvikle ein app for å dekke eit eksisterande behov, enn å lage noko heilt nytt og håpe på det beste. Det er tryggare økonomisk, seier Devik.