Hopp til innhold

Frakta til lege etter kollisjon

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein person er frakta til lege etter ein kollisjon i Gulen tysdag morgon.

Det skal vere ein lastebil og ein personbil som har kollidert.

Politiet fekk melding om ulukka lika før klokka 08, og alle naudetatane rykte ut til staden. Ulukka skal ha skjedd i Gularfjordvegen, ifølgje BT.no ein stad mellom Grinde og Knarvik.

Operasjonsleiaren ved Hordaland politidistrikt opplyser at ein person skal ha klaga på brystsmerter, vedkommande er frakta til lokal legevakt for sjekk.

Trafikken skal ved 08.40-tida går som normalt forbi ulukkesstaden.