Hopp til innhold

Fleire unge treng behandling hos kiropraktor - sit for mykje i ro

Lite aktivitet, stress og data gjer at mange unge treng hjelp av kiropraktor. Dei seks siste åra har behovet for behandling mangedobla seg.

André Didriksen

STOR AUKE: Kiropraktor André Didriksen seier at mange unge treng behandling for dårleg fysikk.

Foto: Colourbox/Brit Jorunn Svanes, NRK

– Tidlegare spelte ein fotball og gjekk på ski. I dag sit mange inne med spel og PC, seier kiropraktor André Didriksen i Førde til avisa Firda.

Deadline-syndromet

Didriksen har ført statistikk dei seks siste åra og merkar klart trenden. Behovet har 20-dobla seg i aldersgruppa i 10–19 år. Han ser unge med problem dei til vanleg ser hos folk i 70-åra.

– Det er fleire som kjem med psykomotoriske lidingar som kjem frå stress og press. Vi kallar det deadline-syndromet. Det er heilt utrulege tal det er snakk om, seier han til Firda.

I talmaterialet til kiropraktoren kjem det mellom anna fram at han hadde 37 behandlingar i aldersgruppa 10-19 år i 2006. Talet hadde auka til 697 i 2012.

Aldersgruppa 40-49 år har framleis dei fleste behandlingane - med nesten 4000 i 2012. Men tal behandlingar for ungdommen aukar i ei eksplosiv fart, og tek monaleg innpå dei eldre aldersgruppene.

Dei unge treng fleire behandlingar

Sjølv om folk generelt er flinkare til å oppsøkje kiropraktor, er han sjokkert over utviklinga hos dei unge.

Korsryggproblema har dobla seg frå 2006 til 2012 i aldersgruppa 10-19 år. Når det gjeld nakkeproblem er det ei fordobling. For plager i området mellom nakke og korsrygg er det tre gonger så mange no som for seks år sidan.

Didriksen får også inn mange med hovudpine som skuldast at ungdommane sit med hovudet framover når dei spelar på datamaskinen.

For seks år sidan måtte ein pasient i denne aldersgruppa ha to behandlingar for å bli frisk. I dag trengst det i snitt 5,5 behandlingar.

– Vi ser at kjernemuskulaturen og haldninga ikkje er like bra. Det tek lengre tid å ordne opp i problem fordi grunnlaget er dårlegare, seier han.

Ønskjer meir gym

Didriksen er ein forkjempar for meir gymnastikk i skulen og at karakterane må fjernast i dette faget.

– Det er behov for meir bevegelse hos dei unge. Det har eg sett over fleire år. Når ikkje foreldre har tid å halde borna i aktivitet så må den fysiske aktiviteten i skulen doblast. Fjern også karakteren, seier han til NRK.no.

Har for dårleg kroppshaldning

Kiropraktoren seier mange unge har dårleg kroppshaldning, noko som kan føre til muskel- og skjelettplager.

– Berre sjå på saggestilen. Det skal liksom vere kult å gå med buksene langt nede. Men dette fører til at ryggen blir ei stor C-kurve. Slik er ryggen når ein baby blir født, men så blir det oppretta fleire kurver i ryggen etter kvart. Enkelte verkar som dei går tilbake til det første stadiet fordi har feil haldning når dei står og går.

Enkelte av klientane er ungdommar som prøver å byrje på trening, men som ikkje klarer det.

– Eg går gjennom musklar og skjelett og finn mange feil hos enkelte. Vi behandlar og gir råd, men eg veit ikkje om dei blir følgde, seier han til NRK.