Hopp til innhold

Eitt av sju fly er forseinka

Kvart sjuande fly som tek av eller landar på flyplassane i Sogn og Fjordane, er forseinka.

Widerøe-fly som har landa på Sogndal lufthamn.

OFTE FORSEINKA: Kvart sjuande fly som tek av eller landar på flyplassane i Sogn og Fjordane er forseinka. Her har eit Widerøe-fly akkurat landa på Sogndal lufthamn Haukåsen. (FOTO: Geir Bjarte Hjetland).

Det syner ein gjennomgang NRK har gjort av Avinor sine tal det siste året (februar 2012 til februar 2013).

Kongsteien

HAR SOM MÅL Å VERE MEIR PUNKTLEGE: Richard Kongsteien i Widerøe seier dei heile tida jobbar for å bli betre.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Det er berre Widerøe som flyg i Sogn og Fjordane, utanom éi rute DAT har mellom Florø og Stavanger. Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe seier dette ikkje er godt nok.

– Det er eit vanleg år, men det er ikkje tal vi er nøgde med. Vi har som mål å vere i Europa-toppen i punktlegheit. For å vere det, må vi auke prosentsatsen med eit par prosentpoeng.

Dårleg vêr har ofte skulda

Kvart sjuande fly, eller 14,5 prosent, som letta eller landa ved ein av flyplassane i Sogn og Fjordane det siste året, var forseinka. Det syner tal frå Avinor, som reknar at eit fly som er 15 minutt eller meir etter ruta, som forseinka. Om lag halvparten av forseinkingane er på grunn av dårleg vêr, syner tal frå Widerøe.

– Rutenettet til Widerøe er samansett, slik at når vi har tåke og vind, blir det fort forseinkingar. Desse er det lett å dra med seg ein heil dag.

På Flesland i Bergen er berre eitt av 10 fly forseinka. I Sogn og Fjordane er det Sandane som har flest forseinka fly, medan Florø færrast.

Sjå heile oversikta i faktaboksen.

Berre Florø klarer målet

Avinor har eitt mål om at 88 prosent av flya skal gå etter ruta, og det målet er det berre Florø av flyplassane her i fylket som nesten klarar, med 87,75 prosent punktlege fly. Det er lufthamnsjef Siv Merete Stadheim nøgd med.

– Det er vi positive til, men vi jobbar alltid for å bli betre. Det gjer vi i lag med flyselskapa og operatørane, for det er eit samspel mellom fleire aktørar å halde punktlegheita i lufta, seier Stadheim.

Avinor har også eit mål om at 98 prosent av alle flygingar skal gjennomførast, og det klarer dei nesten, med 97,75 gjennomførte flygingar i perioden.

Når det gjeld gjennomføring av flygingar, er det Sandane og Sogndal som er best, men her er alle flyplassane på over 97 prosent.