Hopp til innhold

Ordførarkandidat bryt med Høgre

Snuoperasjonen til Bjørn Lødemel om E39 har fått Sjur Atle Austrheim til å melde seg ut av Høgre.

Sjur Atle Austrheim

NOK ER NOK: Sjur Atle Austrheim var Gloppen Høgre sin ordførarkandidat ved førre val. No melder han seg ut i protest etter Sogn og Fjordane Høgre sitt E39-vedtak på årsmøtet i helga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkespartiet vedtok på årsmøtet i helga å støtte ei indre line for E39 gjennom fylket . Noko som inneber å flytte den frå dagens trasé frå Gloppen og Eid, til Stryn.

– No bidreg fylkesårsmøtet til i praksis å legge ned lokallaga i Gloppen og Eid. Med den mangelen på tillit veljarane no har til partiet, blir det omtrent som å starte på null. Eg orkar ikkje å vere med på kampen for å gjenreise lokallaget, seier lokallagets 1. nestleiar til Firda Tidend.

– Eg føler meg lurt

Stortingspolitikaren og Høgre sin stortingskandidat, Bjørn Lødemel, har fått det glatte lag frå partifellene i Eid og Gloppen etter snuoperasjonen. For inntil eitt år sidan stod den tidlegare hornindalsordføraren på det mykje omtala S-alternativet som framtidig trasé for E39. Det innebar å erstatte ferjesambandet Anda - Lote med bru.

Bjørn Lødemel

SNUDDE: Bjørn Lødemel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter heilomvendinga for kort tid sidan var Lødemel uønskt på årsmøtet i Gloppen Høgre . Etter helgas vedtak melder Austrheim seg ut av partiet, skriv Firda Tidend.

– Eg føler meg lurt opp mot at eg har stått på stand og profilert Høgre sine toppkandidatar som personar som vil gjere ein god jobb for Gloppen, seier han til avisa og siktar mot Noralv Distad og Bjørn Lødemel.

Ordførarkandidat

Den mangeårige lokalpolitikaren i Gloppen Høgre meiner partiet vil miste eit par tusen røyster i midtre Nordfjord, men reknar med at det er ein kalkulert risiko.

Austrheim, som var partiet sin ordførarkandidat ved førre val, seier til NRK at han kjem til å halde fram med Høgre-politikk, som uavhengig kommunestyrerepresentant i Gloppen.

– Eg melder meg ut fordi eg ikkje kan stole på dei eg har arbeidd for. Dei står ikkje for det dei har sagt tidlegare. Etter at dei er komne i posisjonar eg har vore med og bidrege til at dei har fått, endrar dei meining og bryt valkampløfte utan at dei har gode argument for å gjere det. Då blir eg fly forbanna, dette kan eg ikkje akseptere. Eg har null respekt for måten dei har opptredd på i denne saka. Særleg Bjørn Lødemel har skuffa meg stort, seier han til avisa.

– Full forståing

I Eid Høgre har leiar Tore Hjelle stor forståing for avgjerda til Austrheim. Han seier E39 er ei viktig sak for dei to kommunane.

– Eg har full forståing for at folk som i mange år har jobba for å få folk i posisjonar, og blir møtt med noko slikt, melder seg ut, seier han til NRK.no.

Hjelle håpar at vedtaket på årsmøtet i helga ikkje gjer at politikarar også i Eid melder seg ut.

– Vi har sendt sterke reaksjonar inn til fylkespartiet og Lødemel, og håpar vi samla kan halde fram kampen, seier han.

NB! Austrheim er den tredje lokalpolitikaren på kort tid som har meldt seg ut av Høgre. I Flora førte striden om Jakob Nødseth til at Høgre mista fleirtalet i bystyret både Hilmar Eliasson og Marit Stave meldte seg ut i protest.