Hopp til innhold

«Gismo» (2) søkte og fann

Med sine mange skisenter i regionen, har lavinehundar i mange år vore mangelvare i Nordfjord.

Gizmo trengde ikkje lang tid før han fekk ferten av "den sakna" i snøskredet.

SJÅ VIDEO: «Gismo» går til verks etter at hundeførar Rune Hatlenes har fått oppgåva si. Det tok ikkje lange tida før hunden fekk ferten av den «sakna». (Foto: Birger Meland/NRK)

Måndag starta Norske Redningshundar sitt hovudkurs i Sør-Norge på Tyin.

Styreleiar Knut Skår skulle helst sett fleire deltakarar frå Nordfjord blant dei 41 påmelde.

– Det er mange år sidan vi har hatt noko oppegåande miljø i Nordfjord. Med tanke på nærleiken til Stryn og andre skisenter, så er det noko vi gjerne skulle hatt oppe å gå att, seier han og fortel at dei har gjort forsøk på å få i gang rekrutteringa.

Tre års utdanning

Fjellredningsøving

ØVER: Kursansvarleg Mick Sherd, markør Guri Opheim og feltansvarleg Knut Skår

Foto: Birger Meland / NRK

– Noko vi ofte ynskjer, er å rekruttere frå folk som allereie driv redning og som byrjar med hund. At dei har redningsbakgrunn og får hunden som verkty i arbeidet, legg Skår til.

– Kor lang tid tek det å få godkjent ein lavinehund?

– I snitt tek det tre år, men dei som har drive nokre år kan klare det ned mot to. Du får heller ikkje godkjend ein hund før den er to år gamal og du byrjar ofte med ein kvelp.

30 oppdrag i vinter

Norske Redningshundar har så langt i vinter blitt kalla ut på 30 aksjonar. Av desse var over 20 i samband med snøskred. Medan aktiviteten ved Tyin denne veka er øving, handlar det om å vere raskt ute i rasområde når det er alvor.

Og då er luktesansen til dei firebeinte eit svært godt verkty for hjelpemannskapa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ein stolt Gizmo

STOLT: «Gismo» trengde ikkje lange tida før han fann den sakna i snøskredet.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det er hunden som er verktyet. Vi er berre administratoren. Vår oppgåve som hundeførarar er å legge forholda best mogeleg til rette for at hunden skal kunne gjere ei god oppgåve, seier Skår.

Eit godt lavinehundemne

Og det er akkurat dette hundane og hundeførarane skal igjennom under øvingsveka ved Tyin. Jaktlabradoren «Gismo» fekk ein god start på si veke då han på kort tid søkte seg fram til «sakna» Elin Gjeruldsen i snøskredet.

Toåringen vart tidlegare i vinter C-godkjend, og saman med hundeførar Rune Hatlenes viste han seg som eit godt lavinehundemne.

– Hunden er veldig bra. Det må eg seie. Det gjekk ganske bra dette, smiler Hatlenes.

– Veldig bra

«Gismo» er mellom eit fåtal lavinehundar som får prøve seg tidlegare enn vanleg på B-godkjenninga. Knut Skår, styreleiar i Norske Redningshunder, fortel at ein hund vanlegvis får B-godkjenninga eitt år etter C-godkjenninga.

Skal den brukast i søk, må hunden vere A-godkjent. «Gismo» tok C-godkjenninga tidlegare i vinter og får altså eitt år før tida prøve seg på B-godkjenninga.

– «Gismo» er av dei som får prøve seg litt tidlegare enn dei andre. Med tanke på at han er to år, så klarte han seg veldig bra i dag, seier Skår.

(Artikkelen held fram under biletet)

Funnstaden under øvinga på Tyin.

FUNNSTADEN: Over 40 hundar deltek på hovudøvinga ved Tyin denne veka.

Foto: Birger Meland / NRK

Fann «sakna»

For det tok ikkje lange tida for Gismo å snuse seg oppover snøskredet og fram til den «sakna» Gjeruldsen.

Medan hundeførar Hatlenes varsla om markering, sette jaktlabradoren i full gang med å grave seg ned i snømassane mot den «sakna».

Sjølv om dei aller fleste hundar har god nok nase, er det ein fordel med større hundar som lavinehundar.

– Det er ein fordel å ha hund som har god arbeidskapasitet, fortel Hatlenes.

– No er det arbeid

Saman med fleire hundar, personar og snøscooterar kan ein tru at hundane lett let seg forstyrre. Styreleiar Skår seier dette er noko dei trenar på.

– Vi må ha hundar som går godt saman. Det er ei av oppgåvene dei må vise her. Sjølvsagt blir dei berørt og det er betre å søkje ein åleine, men når du gir kommandoen så koplar dei over på at «no er det arbeid». Då bryr dei seg ikkje om scooterar, folk eller noko anna, seier han.

21 minusgrader

Under snømassane ved Tyin sat Gjeruldsen klar til å bli funnen. Ho vart grave ned i 09-tida måndag morgon i 21 kuldegrader.

– Men eg har det berre godt og varmt. Her er god plass og eg har liggeunderlag, så her kan eg ligge litt til, smiler ho.

Men øving er øving, og når alvoret først er ute handlar det om å få hjelpa ut og søkt opp sakna så raskt det let seg gjere. Då må det også trenast.

Diplom ventar

Målet for årets hovudkurs er å terpe på utrykking, tryggleik, effektivitet og første innsats. Hundane skal øve gjennom heile veka, og Skår fortel at kvart godkjenningslag har løp som må følgjast der dei skal vise kva dei er gode for.

Mellom anna skal dei søkje djupt og søkje frå snøscooter, før dei forhåpentlegvis får diplomet sitt laurdag.