Hopp til innhold

Vil ruste opp leikeapparata - men pengane manglar

Mange skular i Sogn og Fjordane manglar pengar til nye leikeapparat. Det gjer til at kreativiteten blomstrar ved skulane.

Elevane ved Fjærland skule vil ha nye leikeapparat

ØNSKJER NYTT: Mattias Morken Mundal og Brita Supphellen sit i elevrådet ved Fjærland skule, og har sendt brev til Sogndal kommune, i håp om å få støtte til nye leikeapparat i skulegarden.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Mange skular i Sogn og Fjordane finn ikkje pengar til leikeapparat i budsjetta sine. Fleire av dei har difor funne alternative løysingar for å kunne fornye dei utdaterte apparata.

LES OGSÅ: Mister leikeapparata ved skulen - veit ikkje kva tid dei får nye

Samarbeid med fengsel

I Balestrand og Jølster vert det arrangert loppemarknad til inntekt for nye leikeapparat, medan det ved Flatbygdi skule i Vik kan bli eit samarbeid med Vik fengsel og kunsthøgskulen i Bergen for å få nye leikestativ.

– Vi har hatt eit samarbeid med Vik fengsel, der dei innsette har måla klasserom for oss. Vi har også tenkt mulegheiten om å utvide det samarbeidet. Eg veit at fengselet har eit nært samarbeid med Kunsthøgskulen, og har utfordra dei på om det går an å få til eit trekantsamarbeid på om det går an å utvikle og fornye ute- og inneområda på Flatbygdi skule, forklarer rektor Ole Jørgen Øygarden.

Rektoren trur eit slikt samarbeid både vil gje trygge og gode leikeapparat, samstundes som det også vil vere ei billigare løysing enn å kjøpe nytt.

Har sand, ikkje leikeapparat

Ved Sagatun skule i Balestrand har dei lenge planlagt nye leikeplassar, og skulen har fått laga eit nytt sandbasseng. Problemet er at det førebels manglar pengar til leikeapparat i sandbassenget.

– I samband med etableringa av ein nye, flott sandvolleyballabane så har me laga eit stort sandbasseng. Utfordringa no er å få pengar til å sette opp nye leikeapparat i dette sandbassenget, seier rektor ved Sagatun, Karstein Fardal.

Rektoren seier at utgifter til leikeapparat er ført opp på økonomiplanen, men at det ikkje er pengar nok i kommunen til å prioritere leikeplassar.

– Me må sjå om me kan finne andre mulege løysingar på dette. Anten dugnad og foreldreaktiviteter og slikt. Foreldreutvalget har hatt ein loppemarknad, og skal ha ein loppemarknad til, fortel Fardal.

Sendt brev

Ved Fjærland skule i Sogndal har elevane tatt ansvar og sendt brev til kommunen i håp om stønad til nye apparat. Elevrådsleiar Mattias Morken Mundal og nestleiar Brita Supphellen håpar brevet vil gje resultat.

– Leikestativa er litt nedslitne og gamle, og vi har lyst på nye ting. Hinderløyper, disser og sklier, forklarer Supphellen.

No har dei altså sendt inn brev, som eit innspel til planlegginga av ein ny idrettsplan i Sogndal kommune. Om ikkje brevet vert ein suksess, så veit elevane likevel kva dei skal gjere.

– Då får vi berre prøve å finne på noko å gjere sjølv.