Hopp til innhold

Denne ghanesaren kan vere Badji sin unge erstattar

Blir det Sidy Sagna eller Albert Bruce, eller kanskje begge som skal fylle tomrommet etter Stephane Badji i Sogndal? Svaret vil kome i løpet av veka.

Albert Bruce

PÅ PLASS: Albert Bruce (t.v.) var i dag med på si første Sogndal-trening. Han kan vere ein av fleire erstattarar etter at Badji drog til Brann. Ricardo Santos i blå vest.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sagna, som er under kontrakt med franske Saint-Etienne, har imponert Sogndal-leiinga dei siste dagane. I dag var det ghanesaren Albert Bruce (19) sin tur til å entre kunstgraset i Sognahallen.

Sportsleg koordinator i Sogndal, Håvard Flo, likte tydeleg det han fekk sjå frå begge dei aktuelle afrikanarane.

Er i forhandlingar

– Litt smalt grunnlag å vurdere enda, men det ser ok ut tatt i betraktning at han har hatt eit langt reisedøgn. Han skal vere med oss nokre dagar og så får vi berre sjå kva han står for, seier Flo om Bruce.

Bruce og Sagna sin felles agent er i Sogndal, og Flo fortel at dei no er i forhandlingar om ein kontrakt for Sidy Sagna.

– Vi var veldig godt nøgde med Sagna og det han presterte i treningskampen mot Godset. Definitivt ein svært interessant spelar som vi vonar vi klarar å kome til semje med.

Håvard Flo

SPORTSSJEF: Håvard Flo er optimist med tanke på å finne ein fullgod erstattar for Badji.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogndal har råd

– De er i dialog med han om kontrakt?

– Vi er i dialog, men ikkje noko meir konkret enn som så. Dei neste dagane vil nok syne kva moglegheiter som ligg for å få han med oss, seier Flo.

I følgje nettstaden Transfermarkt, er Sagna prisvurdert til 225.000 euro (1,7 mill kroner), medan Bruce har fått ein prislapp på 50.000 euro (400.000 kroner).

– Skal dekke opp etter Badji

Håvard Flo har uansett stor tru på at dei skal klare å erstatte tapet av Stephane Badji, som gjekk til Brann for om lag sju millionar kroner.

– Det er klart at Badji var ein viktig spelar for oss, det er ingen tvil om det. Men no har vi potensielle erstattarar til han, og utfrå det vi fekk vist mot Godset, så er eg komfortabel med at vi skal klare å dekke tomrommet etter Badji. Eg trur det skal bli bra, seier Flo.