Hopp til innhold

Vil du forsikre deg mot skiskadar?

Forsikringsselskapet AIG vil forsikre skigåarar mot hovudskader. Leiar i Harpefossen skisenter, John-Willy Kvarsvik, meiner at ein er trygg nok dersom ein bruker hjelm.

Harpefossen

FÅ HOVUDSKADER: På Harpefossen skisenter er det ikkje mange hovudskader.

Foto: privat

– Hjerneristingar er den hyppigaste årsaka for uføre i dag. Vi merkar spesielt pågang frå skimiljøet, seier Jon Anders Hægh i forsikringsselskapet AIG.

AIG tilbyr no spesialtilpassa forsikringar for skiutøvarar og andre idrettar. Hægh meiner at ei riktig forsikring kan spare mykje pengar.

– Ei skreddarsydd forsikring dekkjer økonomiske utgifter som følgje av alt frå akutt medisinsk behandling, oppfølging og restitusjonsarbeid, til reisekostnader og tannskader, seier han.

– Kan tene pengar

John-Willy Kvarsvik, leiar i Harpefossen skisenter i Hjelmelandsdalen, vil ikkje seie at det er tull med forsikring. Han vil likevel ikkje forsikre seg sjølv, og trur at AIG er ute etter å tene pengar.

– Tilbodet kjem vel fordi forsikringsselskapet trur dei kan tene pengar. Det betyr at dei ikkje reknar med særleg mange skader, seier Kvarsvik.

Harpefossen opplev ikkje mange ulukker; i år har dei ingen registrerte hovudskader. Kvarsvik trur dette er mykje takka vere at det er påbode med hjelm i skianlegget.

– Hjelm er viktig

Heller ikkje Jølster skisenter har mange skader. Dagleg leiar Stig Tveit meiner at hjelmen er viktig, også i Jølster.

Totalt trur han at nærare 90 prosent nyttar seg av hjelm i skibakken i Jølster. Dette er tal han er godt nøgd med, men det er ikkje alle som er like flinke.

– Vi har hatt ei positiv utvikling, men særleg vaksne damer må skjerpe seg, seier Tveit.

Stig Tveit

SER IKKJE BEHOVET: Stig Tveit vil ikkje skaffe seg forsikring.

Foto: Stig Øvrebø / NRK

Han har ikkje ei formeining om det er nødvendig med forsikring, men seier at han ikkje kjem til å skaffe seg forsikring sjølv.

– Nei, eg ser ikkje heilt behovet. Men det avheng av vilkår og kostnad, seier Tveit.

Kontakte lege

Det finst fleire symptom på hjerneristing. Dersom ein kjenner nokre av dei, kan ein ta kontakt med lege.

– Det er viktig å alltid ta kontakt med medisinsk personell dersom ein er i tvil. Eller som vi peier å seie: er ein i tvil så er ein ikkje i tvil, seier fastlege Harald Lystad ved Hemsedal legekontor.