Hopp til innhold

Fryktar det blir ny bru-krangel

Lovnaden om ferjefri E 39 kan føre til ny ein brukrangel her i fylket.

Ferjefri Sognefjord

FLEIRE ALTERNATIV: Solund kan bli landfast om det blir valt kryssing av Sognefjorden i ytste del.

Foto: Grafikk / NRK

Petter Sortland

Høyanger-ordførar Petter Sortland reknar med at Sognefjorden blir kryssa mellom Lavik og Oppedal.

Foto: Privat

Siste året har politikarar og innbyggjarar i Nordfjord krangla så busta fyk om kor ei bru over nordfjorden skal ligge. Og no kan det bli debatt om kor det er best å ha ferjefri kryssing av Sognefjorden.

Men ordførar i Høyanger, Petter Sortland, meiner det er berre eitt godt alternativ.

– Eg må ærleg innrømme at eg trudde traseen for E39 var lagt og rekna med vel at den skal brukast i dei nye planane, seier han.

Kan bli vanskeleg å byggje

Ordføraren i Høyanger er sjølvsikker når han uttalar seg om kvar det er best å få ei ferjefri kryssing av Sognefjorden.

Sist veke vart det klart at ein innan 20 år skal kunne køyre E39 mellom Kristiansand og Trondheim utan å ta ferje. Men Sognefjorden er djup og brei. Ei bru mellom Lavik og Oppedal kan bli både dyr og ikkje minst vanskeleg å bygge.

Drøymer om landfast Solund

Ole Gunnar Krakhellen

Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen drøymer om kryssing ytst i Sognefjorden.

Foto: Steinar Lote / NRK

Fylkestinget har difor bestemt at det også skal utgreiast eit alternativ med kryssing av fjorden lenger ute, med ein undersjøisk tunnel som vil gjere Solund landfast. Det synest ordførar i Solund og leiar i HAFS regionråd, Ole Gunnar Krakhellen, er eit godt alternativ.

– Min draum er kryssing i ytre del av Sognefjorden. Eg håper og trur at ei utgreiing vil vise at det er alternativ som teknologisk er å føretrekkje.

Han meiner det er svært viktig at det vert ein debatt om kor det er best å krysse Sognefjorden utan ferje.

– Eg er redd for at teknologiutvikling-prosjektet der kryssing av Lavik-Oppedal er valt som case, blir liggjande att som det einaste alternativet vi har for kryssing av Sognefjorden. Det vil vere uheldig for dei politiske avgjerdene vi skal ta, dersom ikkje dei alternativa som finst blir utgreidd. Kryssing av ytre via Solund er eit at dei alternativa, seier Krakhellen.

Fryktar krangling

Lars Lefdal

– UNNGÅ KRANGLING: Tidlegare vegsjef Lars Lefdal meiner det viktig å bestemme seg raskt.

Foto: NRK

Det siste åra har brudebatten vore knallhard i Nordfjord. Skal det bli bru mellom Anda og Lote eller lenger inne i fjorden, bygdefolk og politikarar har vore svært usamde. No kan det bli debatt også i Sogn. Tidlegare vegsjef Lars Lefdal seier det er viktig å bli einige raskt.

–Dei kranglar godt slik det er i dag. Dersom det ikkje blir teke ei avgjerd, så er det vel det kreftene blir brukt på, seier han.

Men for ordføraren i Høyanger, Petter Sortland, finst det berre eit alternativ, bru mellom Lavik og Oppedal.

– Eg må vel ærleg innrømme at eg blir overraska dersom dei kjem fram til noko anna. Eg trudde vi kunne einast om noko utan at det skulle bli ein debatt.