Hopp til innhold

– Bru mellom Anda-Lote kan gi 350 millionar i gevinst årleg

Det vil vere langt gunstigare å byggje bru over Anda Lote enn å leggje vegen om Stryn. Det kjem fram i ein ny rapport.

Mats Andersson og alternativ for E39

GLAD FOR KONKLUSJONEN: Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS jublar over rapporten som viser at bru over Anda–Lote vil gi størst samfunnsmessig gevinst.

Foto: Statens vegvesen/privat

Rapporten er laga av Samfunns- og næringsforsking med professor og tidlegare statsråd Victor Normann i spissen. Han har rekna seg fram til at samfunnet vil tene 350 millionar kroner på å velje Anda–Lote. Det er 100 millionar meir enn å gå via Stryn.

Dagleg leiar Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS, har bestilt rapporten og jublar over resultatet.

– Eg er overraska over at verdien er så høg som 350 millionar kroner i året når arbeidsmarknaden er fullt integrert. Men dette viser også at det er viktig vi gjer det, seier han.

Betre enn dei trudde

Mange stridast om kvar E39 skal gå i Nordfjord, og tallause rapportar har kome på bordet. Den siste i rekka er bestilt av dei som jobbar for bru mellom Lote og Anda, og er utført av instituttet Samfunns- og næringslivsforsking.

Det blir leia av professor og tidlegare Høgre-statsråd Victor Normann. Konklusjonen er betre enn kva Andersson og bruforkjemparane hadde trudd.

– Vi får endå ein god grunn til at E39 skal gå over Lote-Anda.

Produktiviteten aukar

Ved å velje at E39 skal gå over Nordfjorden mellom Anda og Lote, meiner Normann at ein vil kunne få ein årleg verdi på 352 millionar kroner når han har rekna med bu- og arbeidsmarknaden er fullt integrert.

– Det betyr at når vi har fullt integrerte arbeidsmarknader i regionen og når reiseavstanden er korta ned, så aukar produktiviteten. Lønsnivået går opp når det blir fleire arbeidstakarar som fyller arbeidsplassar. Med auka lønsnivå, blir det tilført verdiar til samfunnet, seier han.

Ei indre løysing vil gje ein verdi på 234 million kroner per år, og då er også den effekten Stryn og Hornindal får gjennom Kvivsvegen medrekna.
Altså over hundre millionar mindre.

– Vi må rekne 10 til 20 år før arbeidsmarknaden er fullt integrert og vi kjem opp i dei verdiane.

Held fast på indre trasé

Bjørn Lødemel

HELD FAST PÅ INDRE: Bjørn Lødemel (H) meiner indre trasé er det beste valet for framtidig E39.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Vegvesenet vil ha vegen om Stryn. Normann meiner det einaste ei indre løysing vil kunne bidra med, er å korte avstanden mellom Gloppen og Stryn. Rapporten er altså tydeleg på at det vil vere samfunnsmessig lønsamt å byggje bru over Lote -Anda.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel i Høgre har ikkje lese rapporten, men held på at alternativet i indre Nordfjord er best.

– Eg har jobba med denne saka så lenge at eg har kome til min konklusjon. Eg er også veldig glad for at Sogn og Fjordane Høgre har kome ein veldig klar konklusjon som går på indre trase. Eg har ikkje sett tala frå Norman-rapporten, men eg tykkjer det er viktig at vi lagar gode reknemodellar for samfunnsnytte, seier Lødemel.

Har ikkje lest rapporten

NRK har vore i kontakt med Statens vegvesen som seier dei er ferdige med jobben sin i denne saka og at dei difor ikkje vil kommentere Normann sin rapport.

Sigrid Brattabø Handegard, politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet seier rapporten er ny for dei.

– Det er sjølvsagt ikkje mogleg for oss å kommentere ein rapport vi ikkje har sett, seier ho.

Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS vil no at flest mogleg får lese rapporten.

– Vi vil sørgje for at dei som skal vedta kvar E39 skal gå, får tilgang til rapporten. Slik at dei tek med seg det som står i den i forhandlingar, både dei som kjempar for midtre og indre trasé, seier han.