Hopp til innhold

Sterk sisteetappe til ingen nytte

To strafferundar vart to for mange for det norske stafettlaget i OL-byen Sotsji søndag. Sjølv ikkje ein god ankeretappe av Tarjei Bø kunne sikre pallplass.

Tarjei Bø

STERK ETAPPE VAR IKKJE NOK: Tarjei Bø gjekk ein sterk sisteetappe for det norske laget, men det var ikkje nok.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Halve det norske stafettlaget kom frå Stryn då Norge stilte til start på skiskyttarstafetten i Sotsji. Både Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christiansen er juniorløparar og laget var ikkje tippa blant dei beste.

Men likevel viste det seg at det vart spenning heilt til siste slutt. Johannes Thingnes Bø tok over stafettpinnen etter Henrik L'Abee-Lund og gjekk ut på tredje etappe på 9. plass, 38 sekund bak teten.

Fullt hus, men så...

Den første runden gjekk han svært raskt i sporet, faktisk så raskt at NRK-kommentatorane frykta at han ikkje skulle ha kontroll på pulsen på standplass. Men den unge stryningen skaut fullt hus.

– Det var ein superrask serie, men litt ladekluss på den siste skotet. Ein pangstart, sa NRK-kommentatorane som var tydeleg imponert.

Men på ståande skyting gjekk det verre. Heile tre bom vart det på den ståande serien. Han greidde å få ned to av blinkane med ekstraskota, men måtte til slutt ut i ein strafferunde. Det vart den andre strafferunden for Norge, etter at også Henrik L'Abee-Lund fekk for mange bom.

– No er Norge veldig ille ute, sa kommentatorane.

Sterk ankeretappe var ikkje nok

Veslebror Bø sende ut storebror Tarjei Bø 50 sekund bak Russland på siste etappe. Norge låg då 50 sekund bak.

Tarjei Bø gjekk godt i sporet og skaut fullt hus på liggande skyting. Men også han fekk problem på siste skyting. Her var det ein bom, og med eit ekstraskot gjekk han ut på ein sjetteplass etter siste skyting.

Stryningen sette inn eit ekstra gir i sporet og gjekk til slutt i mål til ein fjerdeplass. Dermed glapp pallplassen på dagens konkurranse, men også verdscupsigeren samanlagt i stafett.

Russland vann samanlagdsigeren i stafettverdscupen, fattige tre poeng framfor Norge.

– Det var ein vel gjennomført stafett, men litt for mykje bom. To strafferundar er for mykje, då kan ein ikkje vente å vere på pallen, seier NRK sin skiskyttarekspert Halvard Hanevold.