Hopp til innhold

Her susar Magnus (10) ned fjellet

 

Det nyttar ikkje vere redd for å slå seg når ein skal suse ned fjellet på berre nokre minutt. Magnus Reite-Bjellaas (10) var blant dei som kasta seg utfor då Mini-Kvamsfjellet Ned gjekk av stabelen i går.

I toppen av saka kan du sjå videoen der Magnus har filma heile turen ned fjellet med hjelmkamera.

10-åringen var ein av 27 startande i barneversjonen av Kvamsfjellet Ned ved Jølster Skisenter. På same måte som dei vaksne er det om å gjere å ta seg ned fjellet fortast mogleg, og då kan ein ikkje vere redd for å dette å slå seg.

Magnus Reite-Bjellaas har stått på slalåm sidan han var bitte liten og kasta seg uredd utfor fjellsida.

– Det var veldig fine forhold, så det var kjekt, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mini-Kvamsfjellet Ned 2013

FULL FART: Det er ein regel som gjeld for både vaksne og barn som var med på Kvamsfjellet ned: Førstemann ned.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Veldig humpete

Når snøen legg seg om hausten brukar han mykje tid på skikøyring gjennom vinteren, halve veka kan han vere å finne i skibakken. Sjølv om han er god med ski på beina var det ikkje berre enkelt å suse ned fjellsida i går.

– På toppen er det laussnø, og der var det ganske humpete, fortel han.

Sjølv greidde han å halde seg på beina, men som ein ser i videoen er det mange som må tole litt knall og fall på vegen ned.

Magnus trur han gjorde lurt i å bruke god tid på å synfare løypa før start.

– Ein køyrer gjennom ein gong før start for å synfare løypa og vite kor portane står. Då køyrer ein ikkje så fort, men bruker tida til å finne ut korleis løypa er, forklarar han.

Og då starten gjekk suste han nedover fjellsida. Kor fort det gjekk kan du sjå i videoen øvst i saka.

– Ein fantastisk dag

Johann Gotteberg som er styreleiar ved Jølster skisenter fortel om ein fantastisk dag for både arrangøren og deltakarane. Til saman var det 54 vaksne som sette utfor Kvamsfjellet, medan det altså var 27 barn mellom 7 og 14 som deltok i Mini-Kvamsfjellet ned.

– Det var ein fantastisk dag. Vi hadde strålande forhold og sola skein frå blå himmel, seier han.

Kvamsfjellet ned har etter kvart blitt ein tradisjon i Jølster, men i år var det for første gang helikoptertransport opp til toppen.

– Alle var kjempenøgde. Vi har fått mykje skryt, seier Gotteberg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Arrangørane ved Jølster Skisenter frakta i år deltakarane opp på Kvamsfjellet med helikopter.

FOTO: Ole Andre Rekkedal/NRK.

Toppfart på 100 km/t

Toppen av Kvamsfjellet ligg på 1034 meter over havet, og løypa går ned til skihytta som ligg vel 220 meter over havet. Dei aller beste er nede på vel fire minutt.

Barneversjonen er litt kortare, men også her er det heile over på nokre minutt. Gotteberg er svær imponert over det dei unge skikøyrarane viste fram.

– Det er veldig krevjande forhold. Dei køyrer først i eit frikøyringsområde, der det er upreparete bakkar, med skareføre og litt isete nokre plassar, seier han.

Dei beste av dei vaksne var oppe i ein toppfart på rundt 100 km/t nedover fjellsida, medan også dei yngste kom opp i høg fart.

– Dei er ikkje nokon sinker, og eg trur nok dei er oppe i ein 80–90 km/t dei og, seier Gotteberg til NRK.no.

Sjølv om det naturleg nok blir litt knall og fall var det ingen som skada seg under konkurransen i går.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mini-Kvamsfjellet ned 2013

IMPONERT: Styreleiar ved Jølster Skisenter, Johann Gotteberg, er imponert over kor tøffe ungane og ungdomen som sette utfor Mini-Kvamsfjellet ned var.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Verdt arbeidet

I tillegg til konkurransane ned Kvamsfjellet var det også ope for at folk kunne kome å prøve seg i skibakken og i terrengparken.

– Vi tok dei med så dei fekk prøve seg i ei stikka storslalåmløype, og så fekk dei prøve å skli på røyr og hoppe på hopp i terrengparken, fortel Gotteberg.

Han er full av lovord om alle dei som har lagt ned dugnadsarbeid for å få arrangementet til å gå knirkefritt. Han vil også gje skryt til kommunen som var positivt innstilte og gav grønt lys for å nytte helikopter til å frakte deltakarane opp på fjellet.

– Det har vore litt arbeid, men kommunen var positive, og ikkje minst må eg takke for den fantastiske dugnadsinnsatsen til alle frå Jølster Alpin og på skisenteret. Dei skal ha all honnør for at vi får til dette.