Hopp til innhold

Blir melde etter bråtebrannar

Ein bonde i Vågsøy blir politimeld etter at ein bråtebrann på eigedomen hans kom ut av kontroll laurdag. Det same skjer etter ein liknande episode i Rugsund.

Bråtebrann i Vågsøy

BLIR MELD: Ein bonde i Vågsøy blir meld etter at ein bråtebrann på eigedomen hans kom ut av kontroll i går.

Foto: Bjarne Eldevik

Brannvesenet rykte i 10-tida laurdag føremiddag ut til ein bråtebrann i Vågsøy som hadde spreidd seg slik at bonden ikkje hadde kontroll.

Det var ei stund fare for at hus i nærleiken kunne bli råka, men etter kvart fekk brannvesenet kontroll.

Operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier politiet etter ei samla vurdering vil politimelde bonden.

– Det var fare for spreiing til hus, han var åleine, det var vind i området. Dette er faremoment ein må vurdere før ein tenner på, seier Vereide til NRK.no.

Brannvesenet rykte laurdag ut til heile fire bråtebrannar på berre nokre få timar. Også i Rugsund vil den ansvarlege bli politimeld opplyser politiet.

Både politiet og Alarmsentralen ber folk vere forsiktige om dei skal drive med bråtebrenning no. Det er svært tørt i terrenget der det ikkje er snø, og det er fort at brannen kan spreie seg.

– Dei som skal halde på med dette må sørgje for at dei har nok folk til å kunne halde nede ei eventuell spreiing. Ein må også vurdere vind og vêrforhold, er den klare oppmodinga frå operasjonsleiaren.