Hopp til innhold

Kasta stein og knuste vindauge

Politiet ber om tips etter at nokon natt til søndag knuste eit vindauge på eit hus i Sogndal.

Ruteknusing i sentrum av Sogndal

KNUST: Kjellarvindauget på det private bustadhuset viser tydeleg at nokon har kasta stein.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Like over klokka 01 fekk politiet melding om at nokon knuste ruter på eit bygg i sentrum.

Det skal ha blitt kasta stein på ruta slik at den knuste.

To menn er sett springande frå staden.

Politiet ber om tips, om du veit noko kan du ta kontakt på telefon 02800.