Hopp til innhold

Fann att stolen bil etter tre timar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein eller fleire personar såg i natt sitt snitt til å stikke av med ein bil i Florø. Men nokre timar etter kom bilen til rette.

Politiet fekk natt til søndag melding om at ein bil var stolen frå Nordalsmarka i Florø. Tjuveriet skal ha skjedd like etter midnatt.

Like før klokka 03 fann ein att bilen. Ein drosjesjåfør hadde då oppdaga bilen ikkje langt frå Kystmuseet i byen.

Politiet reiste ut og bilen vart inntaua til Florø politistasjon. Politiet vil gjere ei kriminalteknisk undersøking av bilen for å forsøke å finne ut kven som står bak.

I løpet av natta har politiet i kystbyen også hatt ein trafikkontroll i sentrum. Nesten alle dei kontrollerte hadde alt i orden. Unntaket var ein sjåfør som fekk forenkla førelegg fordi han køyrde mot køyreretninga.