Hopp til innhold

Må betale husleige til 2033

Dersom Sogn og Fjordane politidistrikt skulle bli lagt ned må politiet likevel betale husleige for lokala i politihuset i Florø fram til 1. desember 2033.

Risikerer å måtte betale for tomme rom i politihus i Florø om Sogn og Fjordane Politidistrikt blir lagt ned.

SJÅ TV-SAK: Politiet betalar 6,5 millionar kroner i året i husleige for politihuset i Florø.

Dette kan utgjere over 60 millionar kroner for areal politiet i så fall ikkje har bruk for. I tillegg kjem indeksregulering av husleiga.

Politimeister Johan Brekke stadfestar at dei ikkje kan seie opp leigeavtalen dersom politidistriktet skulle bli slege saman med eitt av nabodistrikta.

– Det er korrekt. I den avtalen er det ikkje nokon klausul om oppseiing som følgje av omorganisering.

Assisterande politidirektør Vidar Refvik har stadfesta at Sogn og Fjordane er eitt av politidistrikta som dei vurderer å slå saman med nabodistrikt.

Bjørn Dæhlie medeigar

Det er selskapet Ski Florø AS som eig bygningen politidistriktet held til i. Halvparten av Ski Florø er eigd av Ski Holding AS, der skilegenden Bjørn Dæhlie er ein av eigarane.

Den andre halvparten av Ski Florø er eigd av lokale selskap der Oddgeir Igland og Per Arvid Nødset er eigarar og av Jim Haugland. (sjå elles faktaboksen).

I avtalen som Ski Florø og politiet inngjekk i 2008 er det altså ikkje nokon klausul om at avtalen kan seiast opp før i desember 2033. I dag betalar Sogn og Fjordane politidistrikt om lag 6,5 millionar kroner i året i leige, seier Brekke.

Dersom distriktet skulle bli slege saman med til dømes Hordaland, vil det framleis vere ein lokal politistasjon i Florø. Den utgjer om lag halvparten av arealet politiet disponerer.

19 år att av avtaleperioden

Dermed vil politiet betale litt over tre millionar i året for areal dei ikkje brukar dersom politidistriktet blir lagt ned. La oss seie at det skjer frå 1.1. 2015. Då er det framleis att 19 år av avtalen. Med andre ord kan politiet risikere å betale over 60 millionar kroner for areal dei ikkje brukar.

Politimeister Johan Brekke seier han ikkje har rekna på akkurat dette, men ut frå kva dei betalar i året meiner han det høyrest sannsynleg.

Men truleg vil sluttsummen bli ein del høgare når vi skriv 2033. For i alle slike leigeavtalar er det innbakt klausular om indeksregulering av husleiga.

Brekke torer ikkje seie kven som må ta rekninga, men dersom politidistriktet blir slege saman med Hordaland meiner han det er naturleg at det er der fakturaene hamnar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Johan Brekke

- IKKJE VIKTIG: Politimeister Johan Brekke.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Historia gjentek seg

Dermed er historia i ferd med å gjenta seg. For då det vart vedteke at Sogn og Fjordane politidistrikt skulle ligge i Florø hadde Sogn politikammer inngått ein avtale om leige av eit stort areal i eit nytt politihus i Gravensteinsgata i Sogndal.

Då Florø vann dragkampen med Sogndal vart det meste av dette arealet overflødig, men politiet måtte betale for det likevel.

– Ikkje avgjerande

No er det berre framleige av lokale i Politihuset i Florø som kan berge politiet frå store unødige utlegg dersom politidistriktet blir lagt ned. Men politimeister Johan Brekke trur ikkje at leigeavtalen blir noko avgjerande moment i spørsmålet om nedlegging.

– Eg trur ikkje det i seg sjølv er noko viktig argument. Eg trur det blir dei faglege argumenta som blir viktigast i så måte.

NRK har bede om kommentar frå Politidirektoratet, men der ynskjer dei ikkje å seie noko om leigeavtalen og kva den kan ha å seie for framtida til Sogn og fjordane politidistrikt.