Hopp til innhold

Meiner Tone Damli og Aksel Hennie kan ha krav på erstatning

Tone Damli og eks-kjærasten Aksel Hennie kan ha rett på erstatning etter eit krenkande blogginnlegg.

Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge før utdelingen av Amandaprisen 2009 i Haugesund fredag kveld

BROT: Aksel Hennie og Tone Damli har gått frå kvarandre. Her er dei saman i samband med utdeling av Amandaprisen 2009.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Det meiner medierettsadvokat Jon Wessel-Aas, skriv VG i dag.

Fleire har kome med negative kommentarar både på nett og sosiale medium etter at det denne veka vart klart at forholdet mellom Damli og Hennie var over.

Fekk fjerna blogginnlegg

Spesielt ein blogg har fått Damli til å reagere, og ho har hyra inn advokat John Christian Elden for å få stogga rykteflaumen, skriv Nettavisen.

I den aktuelle bloggen blir både Damli og eks-kjærasten Hennie, i tillegg til ei rekkje andre personar, namngitt. Det står også om årsaker til at dei to skal ha gått frå kvarandre.

Etter at Elden tok saka vart blogginnlegget fjerna onsdag kveld. Advokaten seier til Nettavisen at han heilt klart meiner bloggen er over grensa.

– Eg er ikkje i særleg tvil om at denne bloggen er både etisk uhaldbar og straffbar. I Norge er det straffbart å framsette ærekrenkjande påstandar om andre.

– Det gjeld sjølv om påstanden skulle vere sann når det ikkje er nokon aktverdig grunn til å kome med den, seier Elden til nettstaden.

– Økonomisk oppreising

Sjølv om blogginnlegget no altså er fjerna kan Tone Damlie og Aksel Hennie likevel ha rett på erstatning, meiner medierettsadvokat Jon Wessel-Aas.

- Krenkinga var eit faktum frå det sekundet innlegget blei gjort tilgjengeleg for offentlegheita, seier advokaten til VG.

– Innlegget er heilt opplagt ei krenking av paret sitt privatliv, og eit klart brot på straffelova. Det spelar ingen rolle om opplysningane som blir framsett er sanne eller ikkje.

– Om Damli eller Hennie vel å saksøke bloggaren, vil dei utan tvil ha krav å økonomisk oppreisning, seier Wessel-Aas til VG.

Kor mykje dei to kan ha krav på i erstatning i denne saka vil kome an på kor lenge innlegget vart liggande ute på nett, men Wessel-Aas trur beløpet vil ligge mellom 10.000 og 50.000 kroner.

Verken Nettavisen eller VG har klart å kome i kontakt med personen som står bak det aktuelle blogginnlegget.