Hopp til innhold

Her skal ordførarane ut og spasere på fredag

Fredag skal ordførarane Arve Helle og Frida Melvær krysse Dalsfjordbrua for aller første gong. Men dei har ein luftig tur i vente ...

– Vi har visst heile vegen at vi skulle ut og gå, men at det skulle skje no fredag, fekk vi først vite for ei veke sidan, seier Helle, som innrømmer at han både gruar og gler seg.

– Når eg ser ut på bruspennet, så skjønnar eg jo at vi kjem til å få eit sug i magen, for å seie det slik. Men så lenge vi ikkje dett ned, så blir dette eit minne for livet, seier Helle.

Han skal gå frå Fjaler-sida, medan Melvær skal gå frå Askvoll-sida, og så skal dei møtast på midten.

– Det blir eit utsyn frå ein heilt ny vinkel, for å seie det slik, seier Helle.

Ikkje noko for dei med høgdeskrekk

Dalsfjordbrua skal binde i hop Askvoll og Fjaler. Hengjebrua får eit spenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge.

Ole Kristian Åset er kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen, og har laga videosnutten som er lagt ut på Youtube.com.

Han kan love ordførarane ein luftig tur.

– Det er vel ikkje akkurat noko for dei som har høgdeskrekk, seier Åset.

Han trur dei på startpunktet vil vere mellom 80 og 90 meter over bakken, medan bruspennet på midten ligg om lag 50 meter over Dalsfjorden.

– Det kjennest rimeleg stabilt når ein går på denne catwalken. Det er som å gå på kraftige stålvaierar, og så er det mykje plankar under, samt netting både under og på sidene. Det er ikkje fare for å ramle ned, altså, seier Åset.

Toler iallfall 70 tonn..

Og det stadfestar prosjektleiar for Dalsfjordsambandet, Kåre Einar Hovland.

– Det er kanskje litt uvant, spesielt viss det er litt vind og det gyngar, ler Hovland.

Catwalken er første steg for å få på plass dei seks vaierane til kvart tårn. Kvar vaier veg 70 tonn, så catwalken er stødige greier.

– Ja, dei treng ikkje vere redde for at han ikkje ber dei, ler Hovland.

Dalsfjordbrua skal stå ferdig i desember 2013.