Hopp til innhold

Trugar med søksmål i Flåm-striden

– Dersom NSB inngår ein avtale som inneber framleis subsidiering av andre selskap i Flåm blir det bråk. Det seier Mads Bækkelund i Fjord Vision til Dagens Næringsliv.

Flåmsbana vinterstid (montasje)
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

NSB og Aurland Ressursutvikling har dei siste 15 åra hatt kvar si rolle i suksessen til Flåmsbana. Ved årsskifte gjekk kontrakten ut, og forholdet mellom dei to tidlagare samarbeidspartnarane er heller iskaldt.

NSB har dei siste åra 15 åra drive turistmagneten til kostpris, medan Aurland Ressursutvikling har stått for alle utgifter til marknadsføring og har fått alle inntektene.

Møtes til nye forhandlingar

Aurland Ressursutvikling vil forhandle vidare, men NSB avviser at det er aktuelt. Dei har lagt fram eit forslag til avtaleutkast til utviklingsselskapet.

I ein e-post frå 14. februar går det fram at NSB ikkje godtek noko anna enn avtaleutkastet. Torsdag møtest partane til nye forhandlingar.

Fleire skjær i sjøen

Skulle dei to partane finne saman igjen i møtet torsdag, lurer det nye farar like om hjørnet. I Dagens Næringsliv varslar Mads Bækkelund, som driv turistbåten Fjord Vision, bråk dersom det blir ein avtale som inneber fortsatt subsidiering av andre selskap i Flåm.

– Aurland Ressursutvikling har brukt millionane frå Flåmsbanen til å utkonkurrere anna privat verksemd i regionen. Det skapar store problem for meg som privat aktør seier han til avisa.

Tapte millionar

– For min del gjeld det selskapet Sognefjorden AS som tapte tre-fire millionar kroner i fjor, og som framleis dumpar prisane og dermed tar oppdrag frå oss andre. Og Fretheim Hotell utkonkurrerer andre hotellbedrifter i området ved Flåmsbanen, seier Bækkelund.

– Dersom NSB og Aurland Ressursutvikling no likevel skulle bli samde om ein ny avtale som innebær fortsatt subsidiering, ja då er både eg og fleire andre aktørar innstilte på søskmål, seier Bækkelund.

Pengane er ei investering

Ivar Bjarne Underdal som er styreleiar i Aurland Ressursutvikling meiner pengane som går til cruiseselskapet er ei rein investering

– Vi har som mål å ha ein suksess på fjorden som er tilsvarande den vi har med Flåmsbanen. Det handlar om å løfte heile produktet og auke kvaliteten.

– Det er ikkje snakk om subsidiering, det er investeringar som skal gi overskot på sikt, seier han til Dagens Næringsliv.