Hopp til innhold

Fekk 80 millionar i erstatning for naturskader - det er mest i landet

Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er dei to fylka i landet som fekk mest i naturskadeerstatning. Med høvesvis 80 og 60 millionar kroner stikk dei to vestlandsfylka av med ein stor del av den totale utbetalinga.

Dagmar sine herjingar i Eid

HERJA HARDT I NORDFJORD: Uvêret Dagmar gjorde store skader. Her ser ein sentrum av Nordfjordeid der fjorden stod langt inn over sentrumsgatene på det verste.

Foto: Øystein Torheim

Samla sett vart det utbetalt 305 millionar kroner i naturskadeerstatningar i fjor. Ein må heilt tilbake til året etter nyttårsorkanen i 1992 for å finne liknande utbetalingar.

Hovudårsaka til rekordutbetalinga er ikkje overraskande romjulsuvêret Dagmar som slo inn over landet første juledag i 2011.

Ein av dei som har fått erstatning er Kjell Loen ved Lovik Camping i Loen. Han ser med skrekk og gru tilbake på dagane etter uvêret.

– Det såg nesten ut som du gjekk på havbotnen her. Det var tang og tare, rusk og rask, tre og greier, materiale, plast og alt mogleg som hadde kome inn med fjorden, seier Loen.

Måtte rydde opp for hand

Den statlege naturskadeerstatninga dekker det som ikkje kan dekkast av vanlege forsikringsordningar. På campingplassen til Kjell Loen vaska fjorden vekk ein del av grunnen, og alt som vart vaska i land av stormfloda førte til eit veldig oppryddingsarbeid.

Loen fortel at han måtte gå for hand å plukke opp alt som fjorden vaska inn over eigedomen. No har han fått 120.000 kroner i naturskadeerstatning. Det ville blitt tungt å drive vidare utan, seier han.

– Det hadde blitt mykje tyngre å drive vidare, men mindre pengar og mykje mindre overskot, seier Loen.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

RASERT: Dagmar sine herjingar gjekk hardt ut over Kjell Loen sin campingplass i Loen i Stryn.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

– Tilfeldigheitane som rår

Og mange står i same situasjon som han. På landsplan vart det altså utbetalt heile 305 millionar kroner i naturskadeerstatning.

Av dette gjekk heile 80 millionar kroner til Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal kjem på plassen etterpå med rundt 60 millionar kroner, medan Oppland fekk tredje mest med litt over 40 millionar kroner.

Gunn Eide er seksjonsleiar i Statens landbruksforvaltning og administrerer naturskadeerstatninga.

– Storparten av dei utbetalingane som gjekk til Sogn og Fjordane i 2012 gjeld skader etter Dagmar, men også mange små og store hendingar i løpet av året, seier Eide.

At Sogn og Fjordane får 80 av dei 305 millionane som er utbetalt forklarar ho slik.

– Det er tilfeldigheitane som rår når det gjeld vêr og vind, seier Eide.

Av kommunane i Sogn og Fjordane er det Eid, Stryn og Selje som har hatt flest saker. Eid hadde 90 saker, Stryn 80 og Selje 60.