Hopp til innhold

Gøymde bilen og ringde politiet

Ein ung mann frå Nordfjord er dømd til 60 dagars fengsel etter at han gøymde bilen sin, melde den stolen og kravde forsikringspengar.

Nordfjordingen vedgjekk i retten at han hadde avtalt med ein kamerat at han skulle gøyme bilen slik at han kunne melde den stolen og få utbetalt forsikringspengane. For dette skulle kameraten få ti prosent av pengane.

Dommen er ein såkalla tilståelsesdom, og mannen har vedgått tiltalen utan atterhald.
Forsikringsselskapet verdsette bilen til 88.000 kroner, og det gjer at retten vurderer dette som forsøk på bedrageri av ein «betydeleg sum», noko som gjer at det blir reagert med ein fengselsdom utan atterhald.

Dermed sette Fjordane Tingrett straffa til 60 dagar i fengsel. Han har fått frådrag for at han tilstod, men ikkje mykje sidan tilståinga kom først etter fleire politiavhøyr.
Nordfjordingen har også fått eit krav frå forsikringsselskapet. Dette kravet har han gjort opp.