Hopp til innhold

Feil hos energiverket kan ha starta ulmebrann

– Det er på det reine at det var uregelmessigheiter på straumnettet den natta, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, om ulmebrannen på Slåtten natt til måndag.

Knut Skurtveit

ARKIVBILETE: Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, seier overspenning på straumnettet er ein av teoriane for brannårsaka på Jølster.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Søndag kveld opplevde fleire husstandar på Vassenden kortvarig straumbrot. Også seinare på natta forsvann straumen.

Politiet har bede Etrygg om hjelp til å finne ut om desse uregelmessigheitane på nettet kan ha samanheng med brannen på Slåtten.

– Vi veit at også eit kommunalt anlegg hadde overspenning, slik at overspenningsvernet rauk. Men det er førebels uklart om det er samanheng, seier lensmann Knut Skurtveit i Jølster.

Transformator rauk

Nettsjef hos Sunnfjord energi, Helge Robert Midtbø, stadfestar at dei klokka 21.30 søndag kveld opplevde feil på straumnettet.

Helge Robert Midtbø

NETTSJEF: Helge Robert Midtbø.

Foto: Susanne Egset / NRK

Kring fire timar seinare oppdaga dei ein ny feil på høgspentnettet, der ein transformator rauk.

– Den transformatorfeilen oppdaga vi kring klokka 0130 på natta. Vi veit førebels ikkje kva som skuldast denne feilen, men det har vore ein feil på høgspenten som gjorde at transformatoren rauk, seier han.

Vakna til svimerke

Berre nokre minuttar seinare vakna tobarnsfamilien på Slåtten av røykvarslaren. I eit mørklagt hus måtte mor og far rive borna sine ut av senga og søke tilflukt på verandaen frå den farlege røyken som fylte huset.

Etter det NRK kjenner til, vakna også ein av naboane på Slåtten til svimerke i sikringsskap og kring ei stikkontakt måndag morgon. Også andre på Eikås skal ha opplevd tilsvarande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannskade på hus på Slåtten i Jølster

SKADD: Biletet er frå eitt av dei andre husa der det natt til måndag var varmeutvikling i det elektriske anlegget.

Foto: Privat

– Vi har meldingar om at fleire har vore berørt, og så langt eg veit kan det tyde på ei overspenning i området, seier Midtbø og ikkje kan stadfeste omfanget.

Kan vere samanheng

Midtbø ser ikkje vekk ifrå ikkje at det kan vere samanheng mellom feilen og brannen. Han seier Sunnfjord energi er i ferd med å kontrollere dei fire husstandane som er tilknytt den same transformatorkretsen på Slåtten.

– Det er klart at feil i straumnettet kan forplante seg inn til kundeinstallasjonane. Mange har kanskje vore borti overspenning på grunn av lyn som kjem via straumnettet som forplantar seg inn i bustaden, seier han og ventar med å konstatere samanheng mellom feila og brannen.

– No ventar med vi rapporten frå politiet, og der er jo elektrofagfolk med i den granskingsgruppa. Vi har også som prosedyre hos oss at vi granskar feil vi har hos oss internt, så får vi setje dei to rapportane opp mot kvarandre og sjå om det er noko samanheng, seier han.

Har bede om hjelp

Ulmebrannen starta på eit bord i eit rom som tobarnsfamilien nytta som kontor. Familien på fire vart vekt av røykvarslaren og takkar den for livet.

Før politiet har fått rapporten frå Etrygg, vil heller ikkje lensmann Skurtveit konkludere med brannårsak, men seier at overspenning på straumnettet er ein av teoriane dei vurderer.

– Ja, det er klart at det kan vere feil på det elektriske anlegget, men ein må også sjå om det er andre ting utanom som har ført til det. Difor har vi bede om hjelp frå fagfolk som ser på den teorien, seier han.