Hopp til innhold

Vekesjef og heimeeksamen

Ho er jente, og jenter greier som kjent gjere to ting samstundes.

Montasje Studentveka/Marte Bjørnstad Andressen

HEKTISK VEKE: Marte Bjørnstad Andressen leier studentveka - samstundes har ho heimeeksamen.

Foto: Roger Bareksten/Veka

Marte Bjørnstad Andressen er leiar av studentveka i Sogndal. Studentveka startar klokka 12 i dag og varer til 23. februar. Klokka 13 i dag får ho utlevert oppgåvene til heimeeksamen i statistikk for naturfag.

Marte studerer landskapsplanlegging, ho er i Sogndal på tredje året. No har ho ei veke på seg til å gjere det godt på heimeeksamen, oppgåvene skal leverast 21. februar.

– Får berre la det stå til

Men Marte tek det med forbausande godt humør, og ho har ikkje prøvd å få utsett eksamen. Ho er heller ikkje kritisk til at ho fekk eksamen akkurat samstundes som ho skal gjere ein innsats for at andre studentar skal ha det kjekt.

– Det er litt uheldig, men det er eit prinsipp at eksamen skal vere lik for alle. Dessutan er eg så heldig at eg jobbar i gruppe med ein fantastisk klassekamerat. Vi får berre la det stå til.

Ho reknar med at ho skal greie å utføre oppgåvene sine som vekesjef og samstundes få gjort det ho skal med eksamen.

– Det meste av det som føregår i studentveka er på kveldstid, og eg får prøve å jobbe godt med eksamen på dagtid, så går det sikkert bra. Vi får gjere det beste ut av begge delar.

Marte Bjørnstad Andressen

GREIER BEGGE DELAR: Veka-sjef Marte Bjørnstad Andressen.

Foto: privat

– Erfaring som er gull verd

Og ein ting er ho sikker på: Ho ville ikkje ha vore arbeidet med studentveka forutan.

– Dette er erfaring som er gull verd, kanskje har eg meir nytte av det i framtida enn av det eg lærer på Høgskulen.

Og det er ikkje småtteri Marte er leiar for. Det er faktisk den største kulturhendinga i Sogn og Fjordane på vinterstid. Med daglege arrangement på studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av aktivitetar rundt omkring i nærområdet, er det noko for ein kvar smak.

Håpar på fulle hus

Mellom 5000 og 7000 plar vitje studentveka i Sogndal. Og vekesjefen med mange jarn i elden håpar på fulle hus.

– Vi håpar at vi har greidd å snikre saman eit program som appellerer til mange, ikkje berre studentane.

Mellom attraksjonane er DDE, som ein kanskje skulle tru ikkje er eit band som har studentar som si fremste målgruppe, men Marte Bjørnstad Andressen trur Bjarne Brøndbo & Co greier å tenne også dei.

– Eg trur det er veldig mange fleire enn ein skulle tru. Eg trur dei fleste studentane har ein liten DDE-fan inni seg, iallfall når det er opning av Veka.