Hopp til innhold

Øydeleggande fylkesvegbudsjett

Berre 50 millionar på investeringsbudsjettet for alle fylkesvegane er totalt øydeleggjande for heile fylket, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Frank Willy Djuvik

- ØYDELEGGANDE: Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Dei pengesummane fylkespolitikarane kan bruke til veginvesteringar ser ut til å bli drastisk reduserte alt i 2014, seier Djuvik, som sit i Hovudutvalet for samferdsel.

– Konsekvensane vil vere heilt øydeleggande for fylket. Vi er eit fylke som er heilt avhengig av å kunne bygge ut kommunikasjonane for å kunne sikre verdiskaping og gode lokalsamfunn.

Då fylkeskommunane fekk ansvaret for fylkesvegane i 2010 vart investeringsrammene lagde fire år fram i tid på grunn av store prosjekt som Dalsfjordbrua og andre byggetrinn på Bremangersambandet.

Saltkjelen på rv 57 i Bygstad

MANGE DÅRLEGE VEGAR: Denne strekninga - Saltkjelen mellom Bygstad og Osen - er mellom mange som sårt treng avløysing av ny og betre veg.

Foto: Magnar Korsvoll

– Har ikkje teke det inn over seg

Låneopptak og statlege midlar som følgde med sytte for investeringsbudsjett på mellom åtte og ni hundre millionar. Men frå 2014 blir det altså ikkje pengar til nye prosjekt. Djuvik trur verken innbyggjarar eller politikarar har teke inn over seg situasjonen.

– Eg trur dei aller fleste ikkje har gjort det. Eg ser prosessar rundt i kommunane der dei kjem med sine prosjekt til regional transportplan. Men vi som sit på innsida ser at fylkestinget truleg ikkje kan imøtekome nokon av prosjekta.

Arnstein Menes

DELER BEKYMRINGA: Arnstein Menes (Sp).

– Må prøve å skaffe midlar

Arnstein Menes frå Senterpartiet er leiar i samferdsleutvalet. Han deler Djuvik si bekymring.

– Vi er avhengige av både å ta vare på dei vegane vi har og utvikle oss vidare ved å byggje nye vegar.

Han trur ikkje det er ei løysing å skubbe fylkesvegane over på staten igjen.

– No er situasjonen slik at vi har desse vegane, og vi meiner sjølv at vi er ansvarlege og har teke på alvor drifts- og vedlikehaldsutgiftene, og så må vi prøve å skaffe midlar til investering.