Hopp til innhold

Måtte ta av seg bh-en på flyplassen

Laila Melkevoll, som er politisk rådgjevar i Kommunaldepartementet, måtte gå på toalettet og ta av seg bh-en for å kome gjennom innsjekkinga på Førde lufthamn.

Montasje Laila Melkevoll/sikkerheitskontroll Bringeland

- LITT IRRITERT: Laila Melkevoll måtte gjennom sikkerheitskontrollen utan bh.

Foto: Stian sjursen Takle/Torbjørn Tandberg / NRK/KRD

Dette synest ho var så ubehageleg at ho har teke opp saka.

– Det skal ikkje vere slik at ein må gå og kle av seg undertøy for å kunne kome gjennom sikkerheitskontrollen. Eg vart så forfjamsa at eg ikkje visste kva eg skulle seie, men det er ikkje til å stikke under ein stol at eg vart litt irritert.

Politisk rådgjevar Laila Melkevoll, som er frå Stryn og er busett i Bergen, hadde vore på reise i Sogn og Fjordane saman med statsråd Liv Signe Navarsete og skulle ta fly tilbake til Oslo. Då ho skulle gjennom sikkerheitskontrollen på Førde lufthamn starta problema.

– Trudde han spøkte

Det peip då ho gjekk gjennom kontrollen, og den mannlege vektaren konstaterte med ein metalldetektor at det kom frå bh-en hennar. Truleg var det metallspiler i plagget som gjorde utslag

– Eg vart beden om å ta av meg bh-en for å gå gjennom igjen utan den. Eg trudde faktisk at han spøkte med meg, for slikt har eg aldri opplevd før, og eg reiser ein del.

Etter å ha teke av seg bh-en på toalettet kom ho seg gjennom kontrollen. Men ho tok opp saka på Facebook-sida si, og fekk mange reaksjonar frå kvinner som har opplevd liknande.

Geir Pollestad

- SLIK SKAL DET IKKJE VERE: Statssekretær Geir Pollestad.

Foto: regjeringen.no

– Eg opplevde det som urimeleg, og reaksjonane på innlegget mitt tyder på at det er mange som har opplevd det same. Andre skreiv at dette går ikkje an. Då tenkte eg at då får eg ta saka eit hakk vidare.

– Over grensa

Som sagt, så gjort. Ho tok opp saka med statssekretær Geir Pollestad i Samferdselsdepartementet, som har ansvaret for luftfarten. Han seier at kvinner ikkje skal bli utsette for det Laila Melkevoll opplevde.

– Vi har ein del reglar for kva vi skal sjekke, men det er om å gjere å gjere det på ein måte som er til minst mogeleg plunder og heft for dei reisande. Den historia Laila Melkevoll fortel er etter mi meining over grensa for kva ein kan akseptere i ein normalsituasjon.

I oktober 2010 var det ein liknande episode på Førde lufthamn. Då måtte Herdis Moldøen ta av seg bh-en for å kome med flyet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef - Førde lufhamn, Bringeland

- REGELVERKET ER SLIK: Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal.

Foto: Avinor

– Vektarane fylgjer regelverket

Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal på Førde lufthamn seier seg lei for at dei kvinnelege passasjerane har opplevd det som ubehageleg å måtte ta av seg bh-en. Men han meiner dei må gjere det slik når det ikkje er kvinnelege vektarar på jobb.

– Regelverket er slik at alt som gjer utslag skal undersøkast. Vi har ein kontrakt med vaktselskapet om at dei skal tilstrebe å ha begge kjønn på vakt, men det er ikkje alltid det let seg gjere, det kan vere sjukdom eller andre omstende.

Dersom det hadde vore ein kvinneleg vektar på jobb, hadde ho teke Laila Melkevoll inn i eit avlukke og undersøkt bh-en. Men sidan det berre var menn på jobb vart Melkevoll send på toalettet for å ta av seg bh-en.

– I dette tilfellet var nok dette den beste løysinga, sjølv om eg må beklage at passasjeren kjende seg ukomfortabel i situasjonen, seier Gjesdal.

– Er det slik at vektarane er ekstra nidkjære på Førde lufthamn?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Dei fylgjer det regelverket som skal fylgjast. I dette tilfellet var nok det den enklaste måten for at ho i det heile skulle få reise. Får ikkje vektarane sjekka ut kva som gjer utslag i portalen så har dei ikkje lov å sleppe passasjerane gjennom.

(Artikkelen held fram under biletet).

Laila Melkevoll

TOK SAKA VIDARE: Laila Melkevoll.

Foto: Torbjørn Tandberg / KRD

– Ei sak som betyr noko for folk

Men Laila Melkevoll vil bruke si oppleving til å få endra praksisen.

– Dette er eit incitament til å sette fokus på ei sak som betyr noko for folk, for veldig mange går gjennom sikkerheitskontrollen. Uansett skal folk ha ei så god oppleving som mogeleg.