Hopp til innhold

Sogndøl nominert til spelemannspris

Produsent Einar Loftesnes frå Sogndal er nominert til spelemannspris for musikkvideoen til Kaizers Orchestra «Begravelsespolka».

– Dette var kjempegreier, seier ein glad Einar Loftesnes.

– Dette var stort. Vi sleppte også Vreid sin siste video i går, så det er liksom dobbelt opp av musikkvideoar, noko eg ikkje har gjort på mange år. Ein skikkeleg musikkens dag for vår del, seier Loftesnes.

Han fortel at musikkvideoen var eit omfattande prosjekt.

Er ei oppsummering

– Det er ein musikkvideo der vi prøver å oppsummere Kaizer-universet som Kaizers har halde på med i 12 år. Det ein liksom gjer no er vel å hinte litt til superfansen i forhold til dramaturgien i det og alle figurane som dei har brukt opp gjennom åra, seier Loftesnes.

Daniel Volle og Einar Loftesnes

GLAD: Her er Einar Loftesnes fotografert tidlegare saman med Daniel Volle.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kva har jobben din gått ut på med videoen?

– Det konkrete eg har gjort er å budsjettere filmen og finne ut korleis vi kunne løyse det i forhold til visjonen til regissør Eivind Tolås. Så er det å finne ut kor ein kan finne location for å ha best mogleg forhold for filming og få det best mogleg visuelt, seier Loftesnes.

Er stort berre å bli nominert

Han legg ikkje skjul på at det er stort for ein produsent å bli nominert til ein slik gjev pris.

– Det 5. høgste i Norge er at ein vert nominert, det høgste er at ein vinn. Så dette er stort, seier Loftesnes.

Han røper at det er einskilde som har sagt at filmen er ein av dei fem beste som vart laga i sjangeren i fjor.

Låta er på sju minuttar, dermed er også musikkvideoen noko lengre enn det ein kanskje tenkjer på som musikkvideo.

– Det er som ein kortfilm. Det er jo ei heil historie. Du ser ikkje bandet syngje i filmen, noko særleg. Vi har brukt dei minst mogleg, og heller prøvd å fortelje historia til bandet, seier Loftesnes.

Har ikkje sett dei andre nominerte

Om nominasjonen vil ha noko å seie for karrieren hans, har han ikkje ofra ein tanke.

– Det vil tida vise, det har eg ikkje tenkt på. Men eg håpar det beste, seier Loftesnes og ler.

Vinnarsjansane vil han ikkje spekulere i.

– Eg kom tilbake til Berlin i går, så eg har ikkje fått sett dei andre filmane. Men eg er spent, seier Loftesnes.

Nett no driv han med Villmark 2, ein film som er planlagt skal spelast inn i Luster.

– Vi er snart ferdige med manus, og då blir det innspeling heime i Sogn, seier Loftesnes.

Også fotograf Stig Indrebø frå Førde var involvert i musikkvideoproduksjonen.