Hopp til innhold

Ingen andreomgang på Fannemel

Anders Fannemel klarte ikkje å få det til under dagens verdscuprenn i Klingenthal.

Anders Fannemel

SKUFFA: Anders Fannemel fekk ikkje hoppe andre omgang i dag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Vindtilhøva var absolutt ikkje på Anders Fannemel si side i første omgang, og 118 meter heldt ikkje til å få lov til å hoppe andre omgang.

– I denne samanhengen vert dette for kort, så då er moroa over for Fannemel for i dag, seier NRK sin hoppekspert, Arne Scheie.

Stjernen på 24. plass

Anders Jacobsen vart beste nordmann på 6. plass med 136,5 meter. Anders Bardal hamna på 22. plass med 124,5 meter, medan Andreas Stjernen tok 24.plassen med 125,5 meter.

Tom Hilde hamna på 35. plass med 122,5 meter, medan Kim Rene Sorsell kom på 44. plass.