Hopp til innhold

Ingen protesterte mot sju månadar fengsel for 23 lovbrot

Både aktor, dommar og forsvarar meinte fengsel i sju månader bak lås og slå var ei god straff for «gjengangaren» i 20-åra.

Sunnfjordingen stod tiltalt for i alt 23 lovbrot frå 6. juli til han vart pågripen 9. oktober i fjor.

I alt ti av punkta i tiltalen knytte seg til natta før han vart pågripen. Då gjorde han seg mellom anna skuldig i bilbrukstjuveri, innbrot og køyring i rusa tilstand.

– I saka er det dokumentert eit fast mønster av at sikta ikkje har hatt vilje og evne til å halde seg vekke frå ny vinnings- og narkotikakriminalitet sjølv om han tidlegare er domfelt og pågripen, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Måtte hoppe

Mannen erkjende alle lovbrota han i Fjordane tingrett stod tiltalt for, og samtykka med det til tilståingsdom.

Han stod mellom anna tiltalt for tre bilbrukstjuveri i Førde og Florø, to forsøk på bilbrukstjuveri, innbrot og tjuveri frå bilar, køyring i rusa tilstand, omgang med narkotika. Mannen vart også pågripen i Bergen med kniv.

Under eine bilbrukstjuveriet vart mannen oppdaga av bileigar, som måtte kaste seg vekk for å unngå å bli treft av bilen.

Best med fengsel

Mannen er mangeårig rusmisbrukar og er domfelt fleire gonger tidlegare. Siste gang berre nokre dagar før han gjorde seg skuldig i nye lovbrot.

Sjølv om rettspraksis viser at det i tilsvarande saker, der lovbrota står i nær samanheng med rusproblem, tilseier deldom, var verken forsvarar eller dommar usamd i påstanden om sju månader fengsel.

Tvert imot meinte forsvararen at det av omsyn til planlagd rehabiliteringsopplegg som mannen har søkt om, ville vere lurt med fengselsstraff utan vilkår for mannen.

Mannen må også betale nær 100.000 kroner i erstatning til tre av dei fornærma i saka. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 125 dagar varetektsfengsling.