Hopp til innhold

Sikringsarbeid ferdig to veker før

Sikringsarbeidet på fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein vert avslutta to veker før tida. Då blir det også slutt på dei mange vegstengingane.

Sikringsarbeidet mellom Davik og Dombestein

SIKRA: Arbeidarar har i to månadar sikra fjellsida over fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein i Bremanger. Frå torsdag av er det slutt på stengingane.

Foto: Statens vegvesen

Arbeidet har pågått sidan midten av januar , etter at det vart avdekka kritiske punkt som snarleg måtte utbetrast på den rasutsette strekka.

Torsdag 14. februar blir arbeidet avslutta. Takke vere det gode vêret den siste tida.

– Vi har hatt vêret på vår side, og dei har fått jobbe utan avbrot. Så då har arbeidet gått fort unna, og dei er ferdige med det dei skulle gjere, seier Ann Kristin Nes i Statens vegvesen.

Slutt på stengingar

Sikringstiltaka har kosta kring 1,3 millionar kroner. Det var under synfaring i samband med ein rapport som skal lagast om situasjonen at det vart avdekka fleire kritiske punkt som måtte utbetrast snarast.

– Det er fire punkt som har vore gjort strakstiltak på. Det er ein del bolting, ein del reinsk og ein del ustabile parti som er netta inn med veiernett, seier Nes.

Medan arbeidet har pågått har vegen periodevis vore stengd. Når arbeidet blir avslutta fredag, er det altså slutt på dette.