Hopp til innhold

Skrudde av flomlys ved kyrkjene i protest mot nedskjeringar

Natt til måndag blei flomlyset som lyser opp kyrkjene i Luster skrudd av. Mørklegginga var ein protest mot kommunen.

Gaupne kyrkje og Jostedal kyrkje

SLØKKA LYSA: I natt var det ikkje flomlys ved ni av kyrkjene i Luster. På biletet: Gaupne kyrkje og Jostedal kyrkje.

Foto: Tage Moen/Arild Nybø

Kyrkjekontoret i Luster meiner dei får for lite pengar. Det er 11 kyrkjer i Luster, ni av dei er det kyrkjekontoret som har ansvar for.

I går kveld skrudde dei av lysbrytaren på alle ni kyrkjene, og det har allereie skapt reaksjonar blant publikum.

– Dette var ei markering for å vise at vi har for lite pengar til å drive kyrkjene i Luster. Vi vil vise følgjene av at vi ikkje får nok pengar, seier kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun.

Trengst til vedlikehald

Ho seier dei manglar om lag 500 000 kroner etter nedskjeringar.

– Vi har for lite pengar. Vi blei råka av nedskjeringar som andre etatar. Men i tillegg har vi ikkje fått kompensert for pris- og lønsvekst, seier ho.

Kyrkjeverja seier det først og fremst treng pengar til å halde opp stillingane.

– Vi treng folk til å vedlikehalde kyrkjene våre, seier ho.

For om lag ti år sidan gjorde kyrkjekontoret det same. Den gongen med godt resultat.

– Den gongen fekk vi pengane vi mangla. Eg reknar med at folk reagerer på mørklagde kyrkjer og gir tilbakemeldingar til kommunen, seier ho.

Ordføraren likar det ikkje

Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune

IKKJE NØGD: Ordførar Ivar Kvalen seier kyrkjekontoret må lage ei konsekvensliste før dei sløkkjar lysa.

Foto: Luster kommune

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, vart overraska over protesten frå kyrkjekontoret i natt. Han tykte ikkje det var ein kjekk beskjed å få ein onsdag morgon.

– Eg visste ikkje om dette på førehand og eg må vere så ærleg å seie at eg ikkje likte det.

Kyrkja i Luster får seks millionar kroner i året til drift av sektoren. I tillegg får dei 150 000 kroner som skal gå til investeringsmidlar i kyrkja. Kvalen seier kyrkja også får rimeleg straum, noko som sparer dei for pengar.

– Kyrkja i Luster må ta sin del av innsparingane. Tilbakemeldingane frå kyrkjekontoret har vore at dei vil gjere arbeidet på ein god måte. Dei skal presentere ei konsekvensliste for kva innsparingane vil få å seie. Eg meiner den jobben må gjerast før dei sløkkjer lysa, seier ordføraren.