Hopp til innhold

Fleirtal for bru over Esefjorden

Det er politisk fleirtal i Balestrand for å byggja bru over Esefjorden.

Balestrand

ESEFJORDEN: Planane om ei bru frå Tjugum til Balestrand er gamle. No er det politisk fleirtal for å velje bru framfor rassikring av vegen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette er ei løysing dei tidlegare i debatten har gått vekk ifrå, skriv Sogn Avis. Då har politikarane gått for å utbetre og rassikre vegen mellom Holmen og Dragsvik.

Årsaka til at politikarane no er i fleirtal for bru, er at vegvesenet la fram at rassikring og utbetring av den kronglete og rasfarlege vegen rundt fjorden vil kosta 444 millionar. Ei bru vil koste om lag 400 millionar.

I Balestrand har trygg veg i Esefjorden vore ei kampsak i mange år. Vegen har ofte vore stengd på grunn av ras.

Sogn Avis har teke ei ringjerunde til politikarane. Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet meiner bru er vegen å gå.

– Ei bru bind kommunen betre saman og kortar ned reisetida. Det er spesielt viktig for pendlarane. Det vil også gjere Dragsvik til eit attraktivt bustadområde, seier leiar i Høgre, Lars Trygve Sæle, til avisa.