Hopp til innhold

Bota hans er betalt - men bilen hans står framleis bom fast på Håbakken

Først elleve dagar etter at han vart stogga er bota til Fethi Cagiran (37) betalt. Men han veit ikkje kor tid han får reise heim. Lasta står framleis bom fast på Håbakken og sjefen veit ikkje kor tid overlastgebyret på 59.500 kroner kan betalast.

Fethi Cagiran

VIL HEIM: Fethi Cagiran har venta i 11 dagar på at sjefen skal betale bota hans. No håpar han at han snart får reise heim.

Foto: Anna Gytri / NRK

Den tyrkiske sjåføren har fått seg eit mykje lengre opphald i Norge enn han hadde planlagt. Turen til Bergen enda brått og brutalt på Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal i slutten av januar.

Med 12 tonn overlast, dårlege bremser og sommardekk på nesten alle hjula fekk han ikkje køyre vidare. Vegvesenet skreiv ut eit overlastgebyr på nesten 60.000 kroner til firmaet, medan sjåføren sjølv fekk ei bot på 8000 kroner.

Det var ei bot han ikkje hadde råd til å betale på eiga hand.

– Eg har ikkje 8000 kroner, eg er ein hardtarbeidande sjåfør og får ikkje så mykje løn, seier Fethi Cagiran til NRK.no.

Har levd på kjeks og cola

37-åringen var ikkje budd på det som skulle møte han i Norge. Då NRK snakka med han på Håbakken sist veke hadde han ingen aning på kor tid han fekk reise heim til Tyrkia.

– Du må trur meg når eg seier det. Eg har ingen, ingen, peiling på kor tid dei hentar lasta eller kor tid bøtene er betalte, fortalde han.

Han hadde allereie då byrja rasjonere på maten han hadde i lastebilen, og fortel at det har gått mykje i kjeks og cola. Cagiran er svært takksam for at kontrollørane på Håbakken har late han kome inn i bua for å drikke kaffi, men har opplevd det som tungt og trasig å ikkje få snakke med nokon.

Tyrkaren snakkar dårleg engelsk, og timane har blitt lange ute på den store parkeringsplassen på kontrollstasjonen.

– Det er ikkje mat som er problemet, men einsemda. Det å vere så isolert. Det gjer meg deppa, sa han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fethi Cagiran har blitt ståande lenge på Håbakken

STÅR HER FRAMLEIS: Semitraileren står framleis godt planta på tomta utanfor Vegvesenet sin kontrollstasjon i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ville helst ha blitt stogga på grensa

Sjåføren uttrykte stor frustrasjon over at han hadde fått sleppe inn over grensa, men først vart stogga og bøtelagt 350 kilometer inn i landet.

På spørsmål om ikkje han og firmaet sjølv hadde eit ansvar for å finne ut kva som er lov i Norge og ikkje svarte han slik.

– I mange av landa eg har vore, så har eg blitt gjort merksam på kva som er lov eller ikkje når eg kjem til grensa. Enten får eg sleppe inn, eller så blir eg avvist. Eg kan ikkje vite alle land sine reglar og lovverk.

– Styresmaktene må fortelje om det når ein kjem til grensa. Viss dei ikkje skal gjere oss merksame på reglane, kva gjer dei då på grensa.

Fekk husly hos tyrkar i Bergen

Haldun Intepe i Bergen las om Fethi Cagiran på NRK sine nettsider sist veke. Etter å ha vore i kontakt med den tyrkiske ambassaden tok han rett og slett turen til Lærdal for å prøve å hjelpe han.

– Eg tenkte at han måtte ha det vanskeleg. Eg las at han var oppgitt og deppa, fortel tyrkiske Intepe som sjølv har vore busett i Norge i over tretti år.

Då han kom til Lærdal viste det seg at situasjonen var ganske fastlåst for Cagiran. Det var ikkje kome i hamn noko avtale for å få lasta vidare, og heller ikkje bota til 37-åringen eller overlastgebyret var betalt.

Dermed tok Intepe med seg Fethi tilbake til Bergen. Der har han fått hente seg inn att i helga.

– Han fekk ta seg ein lang dusj, fekk på seg reine klede og har fått god mat. Eg har prøvd å snakke med han, han hadde stor tbehov for å snakke. Vi har prøvd å snakke om noko anna enn den vanskelege situasjonen han er i.

Likevel har Cagiran det tøft.

– Eg har vore i Norge i mange dagar no. Uvissa om kva som skjer vidare er verst, seier den tyrkiske sjåføren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fra venstre Haldun Intepe, Thor Emre Intepe(12), Fethi Cagiran.

BESØK: Haldun Intepe opna huset sitt for den tyrkiske sjåføren Fethi Cagiran. – Eg las at han var oppgitt og deppa, seier tyrkaren. Her saman med sonen Thor Emre og Cagiran til høgre.

Vanleg at bota blir betalt innan eit døgn

Då NRK snakka med han tysdag ettermiddag var bota hans akkurat betalt. Konstituert lensmann i Lærdal, Per Thomas Klingenberg, stadfestar at dei 8000 kronene no er på konto. Det halvanna veke etter at bota vart utskriven.

– Det er ikkje vanleg at det går så lang tid. I dei fleste saker med bøter av denne storleiken hadde bota blitt betalt i løpet av eit døgn, seier Klingenberg til NRK.no.

For Cagiran betyr det at han kan få tilbake passet og papira sine som vart tatt frå han etter kontrollen. Men han veit ikkje om han kan reise heim til kona og barna.

Lastebilen hans står framleis bom fast på kontrollstasjonen. Før lasta er fjerna og overlastgebyret betalt kan han ikkje flytte den. Kor lang tid det tek veit han ikkje enno.

Har jobba med avtale for omlasting

Sjefen hans, Ahmet Seber i EPL Lojistik i Tyrkia, har sidan lastebilen vart stogga for snart to veker sidan prøvd å få til ei ordning for å få lasta dit den skal.

Cagiran hadde ikkje dispensasjon til å køyre tung last i Norge, og hadde heller aldri fått det fordi han har med seg to kolli. Her til lands gir ein berre dispensasjon til eitt kolli.

Dei to vinsjane må no over på to vogntog før dei kan fraktast vidare.

Men det har teke tid å få i land ein avtale for omlasting. Seber fortel til NRK at har hyra inn eit norsk selskap, og at han har betalt for å få jobben gjort, men meiner selskapet ikkje har følgd opp sin del av avtalen. No vil det norske selskapet har meir pengar, noko han ikkje vil betale.

– Eg sendte ein e-post som viste at eg hadde betalt, men den valte dei å ikkje stole på. Dei vil ha meir pengar, men eg vil ikkje betale. Dei braut sin del av avtalen, seier Seber til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Stentvedt i Sogn Kran og Transport

PROBLEM: Øyvind Stentvedt i Sogn Kran og Transport seier det har vore utfordrande å få til ein avtale med det tyrkiske selskapet.

Foto: Privat

– Ein kjempetabbe

Selskapet han har prøvd å få til ein avtale med er Sogn Kran og Transport i Årdal. Dagleg leiar Øyvind Stentvedt har ein heilt anna versjon av saka. Han seier dei vart kontakta av det tyrkiske selskapet kort tid etter at semitraileren vart stogga på Håbakken. Men det tok lang tid å få i stand ein avtale.

Først sist torsdag, over ei veke etter at bilen vart stogga, skal dei ha blitt samde.

– Då bad han meg setje i gang transporten, og eg gjorde det med det vilkåret at han skulle sende over ei kvittering frå sin bank om at pengane blei ført over, fortel Stentvedt.

Han leigde inn to vogntog frå Bergen som køyrde til Håbakken, medan ein kranbil tok turen frå Årdal. I etterkant skulle han ønske han hadde venta.

– Eg gjorde ein kjempetabbe, eg stolte på han.

Fekk ikkje svar med banken

Vogntoga og kranbilen venta på Håbakken til ut på ettermiddagen, men då han ikkje hadde fått stadfesta betalinga valde Stentvedt å avbryte oppdraget.

– Eg var veldig usikker på om han ville betale eller ikkje. Så eg tok ei avgjord på at vi skulle avbryte jobben.

E-posten Seber seier han sendte kom fram før Stentvedt valde å avbryte oppdraget. Men dokumentet som tyrkaren meinte skulle bevise at betalinga var på veg, var ikkje godt nok.

– Eg prøve å ringe banken hans og sende e-post til dei, men fekk ikkje svar. Eg venta ei stund, men måtte til slutt ta ei avgjerd og då hadde eg ikkje noko anna val enn å avbryte.

– Eg bad han om ei kvittering. Hadde banken sendt meg ein e-post og sagt at det var betalt, så hadde det vore greitt, seier Stentvedt.

Blir ikkje samde

Stentvedt vil ikkje ut med prislappen for oppdraget, men seier bomturen kosta han 75 prosent av totalkostnaden. No har han bede det tyrkiske firmaet om å betale halvparten av dette, så vil han gjere jobben ferdig.

– Det meiner eg er eit generøst tilbod frå oss for å få saka ut av verda, seier den daglege leiaren i Sogn Kran og Transport.

Dei to hadde kontakt seinast måndag, og vart då samde om at Seber skulle betale. Til NRK seier Seber likevel tysdag at han ikkje vil betale.

Stentvedt seier situasjonen for sjåføren er trasig, og håpar han og det tyrkiske selskapet skal bli samde om ein avtale. Selskapet hans har fleire gonger hatt oppdrag med omlasting av både norske og utanlandske bilar som har blitt stogga på Håbakken, men har aldri opplevd at det har vore så mykje styr med ei sak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thormod Gausdal

VENTAR: Tormod Gausdal avviser at Vegvesenet utnyttar utanlandske transportørar ved å gje dei saftige gebyr. Dei ventar framleis på at det tyrkiske selskapet skal betale overlastgebyret på 59.500 kroner.

Foto: Anna Gytri / NRK

Skuldar Vegvesenet for utnytting

Statens vegvesen hadde tysdag ikkje sett noko til dei 59.500 kronene dei skreiv ut i overlastgebyr til firmaet.

Seber seier det viktigaste for han sidan lastebilen vart stogga har vore å få godset fram dit det skulle. Betalinga av overlastgebyret og bota til sjåføren har kome i andre rekke. Kor tid han kan betale bota til Vegvesenet veit han ikkje.

Tyrkaren reagerer på storleiken på overlastgebyret og meiner det norske Vegvesenet utnyttar utanlandske firma. Den kritikken avviser seksjonsleiar Tormod Gausdal i Vegvesenet. Han viser til overlastgebyr blir rekna ut etter faste satsar.

Gausdal seier dei avventar kontakt med firmaet, og fortel at dei jobbar med å kome i hamn med betalinga av overlastgebyret.

Veit ikkje kva han skal gjere

Lastebilsjåfør Fethi Cagiran håpar sjefen hans snart får betalt overlastgebyret. Tysdag ettermiddag visste han enno ikkje om han skulle reise til Lærdal for å hente passet sitt, og så reise vidare heimover.

– Om eg får moglegheita reiser eg, og så hentar eg bilen seinare når ting ordnar seg, seier han til NRK.no.

– Kanskje gjer eg det.

Då han vart stogga på Håbakken skal han ha sagt til kontrollørane at han aldri ville tilbake til Norge. Men no har han endra syn. Han seier Norge er eit vakkert land, men håpar han kan kome tilbake til Norge på ein litt anna måte.

Sjefen hans ser litt annleis på det.

– Vil du ha lastebilar til Norge igjen?

– Heil ærleg, så veit eg ikkje, seier Seber.