Hopp til innhold

Skambanka kompisen i fuktig lag

Sogningen i 30-åra bøtta nedpå med alkohol. Så skamslo han kompisen sin.

No er mannen i 30-åra dømd til fengsel i fem månader for valden som fann stad i heimen hans ei juninatt i fjor.

I tillegg må han i løpet av prøvetida på to år, gjennomføre eit sinnemeistringskurs i regi av Kriminalomsorga for å sleppe å sone 60 av dagane.

Barndomsvener

Dei to har vore vener sidan barndomen, og hadde ein svært fuktig kveld saman med ein tredje kamerat då valden fann stad.

Dei tre visste at den tiltalte mannen endra veremåten negativt ved dårleg å drikke brennevin, men sette likevel cognac-flaska på bordet. Kvelden som byrja med musikk og god tone, endra seg då brått.

Etter at tredjemann reiste frå bustaden, truleg fordi stemninga vart dårleg, gjekk sogningen i 30-åra laus på fornærma.

Omfattande skader

Forsvarar gjorde i retten gjeldande at tiltalte vart verbalt provosert, noko også tredjemann gav uttrykk for kunne ha utløyst handlinga.

Likevel meinte retten at det ikkje kunne forsvare to brot i underkjeven, store hevingar i ansiktet, blått og attklistra auge, samt ei utslått tann etter fleire slag mot ansiktet.

Mannen erkjende handlinga, men nekta straffskuld då saka var oppe i Sogn tingrett. Ingen av dei hugsa stort av kva som skjedde, og fall i trappa vart avvist som potensiell skadeårsak.

Elektronisk kontroll

Mannen har ei årrekkje slite psykisk og brukt narkotika, og er tidlegare dømd fleire gonger for vald. Påtalemakta la ned påstand om fengsel i sju månader.

No har mannen slutta med narkotika og er inne i eit behandlingsopplegg som ser ut til å fungere.

Retten meinte det var viktig at det vart skadelidande av eit fengselsopphald og meinte at heile eller delar av fengselsstraffa blir sona under elektronisk kontroll.