Hopp til innhold

Lev det gode bygdeliv i ny video

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vreid jaktar, slaktar og høgg ved i sin nye musikkvideo. – Me vil visa fram det gode gamle bygdelivet, seier bassist Jarle Kvåle.

22. februar er dei ute med sitt nye album «Welcome, Farewell», og i den anledning har dei sluppe ein musikkvideo til singelen «The Reap».

Den er spela inn i Sogndal og på Kaupanger i november i haust.

– Me var trøytte og kalde, ler Kvåle og siktar til at innspelinga starta dagen etter Julelutt på Sandane seint i haust. Der vart metalbandet frå Sogn kåra til årets artist 2012.

– Det var jo ein bra kveld i forvegen kan du seie, men me kom oss tidleg opp om morgonen og reiste til Sogndal. Der møtte med Einar Loftesnes som er produsent for videoen, seier Kvåle.

Han fortel at dei på førehand hadde gitt Loftesnes låten, teksten og nokre idear som produsenten då tok tak i.

– Ideen var vel å visa fram det gode gamle bygdelivet, slik som det er i Sogn. Naturens gong, med forholdet mellom menneske og dyr var det me ville ha fram, seier Kvåle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vreid

NY VIDEO, NYTT ALBUM: Sogningane Vreid er klar med sitt sjette album 22. februar.

Foto: Promofoto: Peter Beste.

Krydra med animasjonar

Videoen inneheld ei mengd med teikningar og animasjonar som bergensaren Kim Holm har laga for bandet.

– Han har designa heile coveret på den nye plata vår, med eigne teikningar til kvar songtekst. Slik har han skapt eit eige univers på plata og me ville ha det med i videoen også, fortel Kvåle.

Han seier at bandet meiner produsent Loftesnes og animatør Holm har gjort ein fantastisk jobb.

– Videoproduksjon er jo ikkje heilt vår gate, så me er veldig nøgde med korleis videoen vart. Den representerer låta og plata vår på ein bra måte.

Gode kritikkar

Det nye albumet «Welcome, Farewell» blir det sjette i rekka for metalbandet frå Sogn.

Og platemeldingane har allereie byrja å tikke inn, og det lovar godt for dei som gler seg til nytt materiale frå Vreid.

Det haglar med godord frå nasjonal og internasjonal presse.

«Vreid has really done a great job here, and it`s even better than their previous album. This is a masterpiece», skriv Scream Magazine og gir albumet terningkast 5.

Nettstaden Norsk Metal er samde og seier «The album is fast paced and angry, it’s melodic and beautiful, hypnotizing and mesmerizing. At times it is a flat out jaw dropping display of talent».

Ein audmjuk Kvåle seier at gode tilbakemeldingar gjer godt.

– Det er veldig kjekt. Me brukar mykje tid og legg mykje arbeid i musikken vår. Det er jo livet vårt. Og sjå at folk likar det me driv tek me som ein stadfesting på at me har laga noko bra.

Klare for ny dyst

Bandet har turnert mykje opp gjennom år. Dei har spela over 300 konsertar i 20 land, og vitja også India i løpet av 2012.

Eit nytt album betyr ein ny runde med livespelingar for gjengen.

– Dagen me slepp plata er også dagen me startar på norgesturnèen vår i Bergen, fortel Kvåle.

– Så no fram mot albumsleppet blir det å øve inn eit konsertsett i Oslo, og så gjeld det å gjera seg klar til ein ny dyst.

Vreid på Bylarm 2010

NY TURNE: 22. februar startar Vreid på ny norgesturnè med konsert på Hulen i Bergen.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK