Hopp til innhold

Her set Johan (71) ny norsk rekord

71 år gamle Johan er ikkje heilt som andre på hans alder. I helga løfta han 207,5 kilo i markløft og sette ny norsk rekord.

Johan Heltne løftar meir i markløft enn dei fleste

RÅSTERK: Johan Heltne frå Luster løfta tungt under regionsmesterskap i Bergen i helga.

Foto: Geir Reidar Hestethun

– Det er morosamt å vere tilbake, seier Johan Heltne stolt til Sogn Avis.

Lustringen var ein del av styrkeløftmiljøet i klubben Jotun tilbake på 90-talet. I haust tevla han att for første gong sidan 1997, og i helga løfta han på eit regionsmesterskap i Bergen.

Med eit første løft på 190 kilo i markløft, slo han den gjeldande noregsrekorden i sin klasse (klasse 70 pluss) med over fem kilo.

Men på dei to neste forsøka gjorde han det enno betre.

På det tredje løftet sette han ny norsk rekord med 207,5 kilo og kunne jubla over gullmedalje i sin klasse minus 105 kilo.

– No er eg berre 7, 5 kilo bak den gjeldande verdsrekorden og eg er gal nok til å satsa på å ta den også, smiler Heltne.

No vil han bruke tida framover på å trene seg opp til å bli verdsmeister.

– Eg ser på det som mogleg og vil prøva å ta rekorden på eit stemne i november, avsluttar han.