Hopp til innhold

Det lysnar for aluminiumen

Årsresultata for metallverka i Hydro i Høyanger og Årdal er mykje betre enn venta.

Hydro Høyanger Metallverk - valseblokker

VALSEBLOKKER: Både verket i Høyanger og Årdal, sel valseblokker på lengre kontrakter.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I Høyanger gjekk dei 47 millionar i overskot før skatt, mot 136 millionar i 2011. Men trass i eit mindre overskot enn året før, fabrikksjef Wenche Eldegard er nøgd i eit år med låge aluminiumsprisar.

Wenche Eldegard er fabrikksjef på Hydro i Høyanger

Fabrikksjef Wenche Eldegard seier dei har gjort ein stor innsats for å få kostnadene.

Foto: Tale Høyem / NRK Sogn og Fjordane

– Eg er godt nøgd med resultatet, for det har vore eit krevjande år for aluminiumsindustrien. Prisane har vore låge, men i Høyanger har vi hatt det veldig bra driftsmessig. Vi har klart å halde kostnadene på eit brukbart nivå. Det har kompensert noko for dei låge prisane, seier Eldegard.

– Det at de gjer det så bra i dårlege tider, er vel eit godt signal for vidare eksistens for metallverket i Høyanger?

– Ja, det er det vi håper og trur. Vi gjer det vi kan for å ruste metallverket til å tåle desse svingingane i marknaden. Vi er eit lite verk, og er sårbare for svingingar i prisane.

Verket i Årdal produserer 279 124 tonn ferdig produktet i form av valseblokker og støypelegeringar, medan Høyanger produserte 116 891 tonn valseblokker.

Frykta det kunne gått verre

Verket i Årdal gjekk med ni millionar i underskot, men også det var betre enn dei venta. Resultatet er 393 millionar kroner dårlegare enn i 2011.

Arne Werge-Olsen

BETRE ENN FRYKTA: Fabrikksjef Arne Werge-Olsen seier det kunne gått mykje verre.

Foto: Steinar Lote / NRK

Fabrikksjef Arne Werge-Olsen frykta det kunne ha gått mykje verre.

– Det var ein betydeleg nedgang i metallprisen, vi snakkar om 400 dollar per tonn. I tillegg har vi hatt utfordringar på elektrolyse, noko som har gitt seg utslag i lågare produksjon i fjor. Men samstundes har vi hatt eit fantastisk godt arbeid med forbetringar på kostnader.

– Hadde de frykta større underskot?

– Ja, det gjorde vi. Men tiltak blei gjort heile tida for å kompensere for den låge metallprisen, seier han.

Positiv – men trur på vanskeleg år

Werge-Olsen seier det er vanskeleg å spå korleis det utviklar seg dei neste månadene, men at prisane ser betre ut.

– Vi gjer også eit godt arbeid når det gjeld forbetringar og elektrolyseproduksjonen ser betre ut framover.

Han seier at begge metallverka sel valseblokker på lengre kontraktar.

– For 2013 har vi i Årdal ikkje fylt heile volumet, men det ser ikkje så gale ut. Samstundes er vi ein liten aktør og har også moglegheit til å gå inn på nisjeprodukt. Eg ser positivt på tida framover, men trur framleis at 2013 blir eit vanskeleg år.